Utlysing av støtte til kurs om berekraftsrapportering for trebaserte næringar
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følge opp berekraftsmåla for sine områder, og skal formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen.
Prosjektet «Tredrivaren i Møre og Romsdal» vil støtte trebaserte næringar til å ta kurs om berekraftsrapportering.
«Tredrivaren i Møre og Romsdal» er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Norge, Fylkeskommunen og Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følge opp berekraftsmåla for sine områder, og skal formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen. I haust har «Tredrivaren» eit særleg fokus på berekraftsrapportering.
Det er eit mål at berekraftsrapportane frå næringa skal halde god kvalitet. Det er og ein forutsetning for at investeringar skal styres i retning av meir berekraftig verksemd. EU-krava forplantar seg gjennom verdikjedar, og vil styre privat kapital til å finansiere investeringane som er nødvendige for omstillinga til et lågutsleppssamfunn. Derfor er påliteleg berekraftsrapportering viktig for velinformerte slutningar og utvikling i berekraftig retning.
Norske trevarer er ein samarbeidspartnar for «Tredrivaren» samarbeider med, som også tilbyr kurs om berekraftsrapportering. Til desse kursa kan trebaserte bedrifter i Møre og Romsdal søke om støtte med inntil 50 % til dekning av kursavgift.
Målet med disse kursa er at deltakarane skal få eit godt utgangspunkt til å komme i gang med berekraftsrapportering.
Kven kan søkje om støtte?
Bedrifter i Møre og Romsdal som tilhøyrar verdikjeda til tre og tømmer. Døme på aktuelle søkjarar:
- Trebaserte næringar
- Trevareprodusentar
- Sagbruk
- Trelast
- Produsentar av trekonstruksjonar
- Møbelprodusentar
Søknaden merkast «Berekraftsrapportering - Tredrivaren i Møre og Romsdal» og sendes til sfmrchhe@statsforvalteren.no