Studentstipend til smart bruk av tre i Møre og Romsdal
Er du student og planlegg å skrive ei oppgåve om bruk av tre? Vel du ei oppgåve i samarbeid med trebaserte næringar i Møre og Romsdal, kan du søke om kr 10 000 frå Tredrivar-prosjektet i Møre og Romsdal.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Møre og Romsdal har ei lang historie med trebaserte næringar. Her har vi tradisjonar for produksjon av møblar, skip, dører og vindauge av tre. I dag har vi eit godt regionalt næringsliv basert på råstoff frå skog.
Oppmuntrar til samarbeid
Tredrivaren sitt stipend skal oppmuntre til samarbeid mellom studentar, utdanningsinstitusjonar og trebaserte næringar. Målet er å lage koplingar som på sikt gir kompetanseheving, innovasjon og rekruttering. Innovasjon og nyskaping spelar ei viktig rolle for bruk av tre i framtida. Det er og viktig for trebaserte næringar sin posisjon i sirkulærøkonomien.
Ordninga er open for alle studentar med fag som kan vere relevante for trevare-, treforedling- og byggebransjen i Møre og Romsdal. Kravet er at studentane skal skrive ei studiepoenggjevande oppgåve om ei problemstilling frå ei verksemd i Møre og Romsdal, om verdiskaping og bruk av tre.
Samarbeidet er i seg sjølv eit mål. Det kan gje kompetanseheving i verksemdene, stimulere til innovasjon, legge til rette for rekruttering til bransjen og regionen, og gi motivasjon til studentar innan relevante fagområde.
Kva:
Stipendet er på kr 10 000 per oppgåve. Det er tenkt å kunne dekke reise og opphald for studentar ved bedriftsbesøk i samband med oppgåva.
Kven kan søke:
Studentar kan søke saman med verksemder i Møre og Romsdal. Studentane skal høyre til eit studieprogram på bachelor- eller masternivå innan eit relevant fagområde. Prosjektideen skal vere godkjent av ein fagleg rettleiar, oppgåva må gi studiepoeng og kunne inngå i ein grad.
Korleis:
Send inn søknad til Tredriveren, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Løpande frist. Søknaden skal beskrive problemstillinga og ha signatur frå student, rettleiar og verksemd.
Kontaktperson for ordninga:
Christina Qvam Heggertveit, prosjektleiar for «Tredrivaren i Møre og Romsdal»