Fjord Norge på Grüne Woche 2025 i Berlin

Christoffer Schönefeld var matfagleg ansvarleg for Fjord Norge sin stand den første veka. Her presenterer han dagens meny til dei andre som skal jobbe på standen denne dagen. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Fjord Norge var nok ein gong godt representert på den prestisjetunge messa Grüne Woche i Berlin dette året. Arrangementet, som er ein viktig internasjonal møteplass for landbruk og matindustri, gav deltakarane frå Fjord Norge moglegheita til å vise fram regionen sine matskattar og  attraktive reiselivsprodukt.

Publisert 03.02.2025

Eit av høgdepunkta for deltakarane var middagen på den norske ambassaden i Berlin, der ein fekk ein eksklusiv smakebit av norsk gjestfridom og matkunst ilag med eit stort spenn av aktørar innan norsk mat-, foredlings- og landbruksmiljø.

Frå Møre og Romsdal deltok seks bedrifter, både produksjonsbedrifter og reiselivsbedrifter, som alle imponerte med sine unike produkt og tilbod. Blant desse var det fleire som fekk knytte viktige kontaktar og utveksle erfaringar seg imellom og med internasjonale aktørar. Mat- og landbruksminister Geir Pollestad, som besøkte standen fleire gonger, tilbrakte mykje tid i samtale med produsentane og viste stor interesse for deira arbeid og produkt.

Bedrifter frå Møre og Romsdal

  • Juvet Landskapshotell representert ved Christoffer Schönefeld: Eit unikt landskapshotell som tilbyr gjestene ei oppleving av moderne arkitektur kombinert med den spektakulære naturen i Fjord Norge. Hotellet er kjent for sine rom som er integrert i landskapet og gir ei kjensle av å vere eitt med naturen. Frå overnatting «midt i naturen» til smaken av nærområdet på menyen. Schönefeld var med til Grüne Woche som matfagleg ansvarleg for Fjord Norge i første perioden av messa.
  • Stolte Anton AS ved Kirsti Indreeide: Ein lokal matprodusent som spesialiserer seg på berekraftige tradisjonsprodukt av syltetøy og chutney. Dei er stolte av sine tradisjonsrike oppskrifter og høgkvalitets råvarer, henta frå nærområdet sitt i Eidsdal og omegn. Stolte Anton AS stilte sterkt på messa i Berlin, med to tilsette i tillegg til eigar og dagleg leiar.
  • Tingvoll Sider AS ved Silje Osnes: Ein prisvinnande produsent av sider og alkoholfrie drikker laga av lokale eplesortar. Sideren frå Tingvoll er kjend for sin friske og komplekse smak, og produsenten legg stor vekt på å bevare dei autentiske eigenskapane til epla i sine produkt.
  • Tingvollost ved Kristin Waagen: Ein velrenommert produsent av handlaga ost som har vunne fleire internasjonale prisar for ostane sine. Tingvollost er kjend for sin høge kvalitet og unike smak, som kjem frå bruk av lokal mjølk og tradisjonelle ystemetodar. Waagen nytta moglegheita i Berlin til å ha møter med tyske potensielle kjøparar i samband med eit vekst- og eksportprosjekt bedrifta er igong med no. Neste gong du er i Tyskland kan du kanskje finne «Kraftkar» på marknaden der?
  • Smia Fiskerestaurant ved Stian Røsand og Olav Kåre Jørgensen: Ein restaurant som tilbyr sjømatopplevingar av høg kvalitet i Kristiansund. Smia Fiskerestaurant er kjend for sin ferske fisk og sjømat, samt sine kreative og smakfulle rettar som trekkjer på lokale tradisjonar. Olav og Stian er i seg sjølv ei oppleving. Deira gode humør smitta over på alle som besøkte Fjord Norge sin stand.
  • Sveggvika Gjestehus ved Marco Robeerst: Eit gjestehus som tilbyr autentisk overnatting i vakre omgjevnader i nærleiken av Atlanterhavsvegen. Sveggvika Gjestehus er kjend for sin varme gjestfridom, sjarmerande rom og den fantastiske utsikta. Gründer og dagleg leiar ved Sveggvika gjestehus, Thomas Raake, har eit så fint og godt samarbeid med Averøy håndverksbryggeri at dei ønskte at Robert Giske skulle delta på Grüne Woche på vegne av Sveggvika. Derav vart det for første gong servert øl frå standen til Fjord Norge, noko tyskarane sette stor pris på.

Mat, kultur og musikk

Den dyktige fiolinisten Ingunn Valdal var med som ein av representantane frå Stolte Anton AS. Ho skapte ei stemningsfull ramme rundt fleire av arrangementa rundt Noreg si deltaking ved å spele vakker musikk som trekte linjene mellom kultur og natur. Ho spela på den offisielle opninga av Noreg sitt område på messa den 24. januar, samt på middag i ambassaden før mat- og landbruksminister Geir Pollestad held sitt innlegg. Rogaland Fylkeskommune hadde ein av messedagane invitert til eit pressetreff. Også her imponerte Ingun med sine musikalske ferdigheiter etterfulgt av nøye utvalde smakar presentert og servert av Christoffer Schönefeld og resten av kokketeamet.

Effekt for bedriftene

Deltakinga på Grüne Woche har mange positive effektar for bedriftene frå Møre og Romsdal. Dei får høve til å byggje nettverk, hente inspirasjon frå andre utstillarar og overføre erfaringar til eigen produksjon og utvikling. For mange av bedriftene er dette ein verdifull arena for å marknadsføre sine produkt internasjonalt og lokalt, samt for å styrke merkevara si i ein konkurranseprega marknad.

Årets deltaking var ein suksess

Grüne Woche 2025 vart ein suksess for Fjord Norge, og gav deltakarane eit godt fundament for vidare vekst og utvikling. Med felles innsats og engasjement har vi vist at Fjord Norge har mykje å by på, både innan matproduksjon og reiseliv. Det er ingen tvil om at dette er ein region med stort potensial og framtidstru.

 

Landbruk- og matminister Geir Pollestad tok seg god til til å prate med alle aktørene i samband med at han besøkte messa. Her med Kristin Waagen frå Tinvollost.

Kisti Indreeide fra Stolte anton AS stillte i bunad på opningsdagen og serverte gode smakar frå Norge til tyskarar som ville smake.

Olav og Stian frå Smia fiskerestaurant laga og solgte smaksprøver som berre det!

Marco frå Sveggvika gjestehus, Olav og Stian frå Smia fiskerestaurant, Marie frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Anita frå Innovasjon Norge Møre og Romsdal samla på messe i Berlin.

Alle foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar