Mykje beite gror til med kratt

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Ragnhild Naug Aas

Mykje innmarksbeite nord for Romsdalsfjorden gror til. 7,6 prosent av innmarksbeite er blitt til kratt og skog i løpet av dei fire siste åra. Også dyrka jord må gi tapt for skogen.

Publisert 20.09.2024

– Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal har eit mål om at maks 100 dekar dyrka areal skal omdisponerast til andre føremål enn landbruk årleg. Tapet av fulldyrka areal til skog og kratt, går høgt over dette samla målet for jordvern i fylket, seier Odd Løset, fylkesskogmeister hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Tapet av dyrka jord til kratt og skog utgjer i sum 1,2 prosent, eller 1 749 dekar, av det totalt dyrka arealet i dei kartlagde kommunane: Averøy, Kristiansund, Gjemnes, Tingvoll, Molde, Aukra, Surnadal, Smøla, Aure og Hustadvika.

Norsk institutt for bioøkonomi, NIBIO, har oppdatert eit kart over tilstanden på areala i desse kommunane, og det er i dette kartet at ståa blir tydeleg. 

Behov for å forvalte areala meir aktivt

– NIBIO sin gjennomgang viser at skog og kratt årleg tek over svært mykje beiteareal, og også mykje dyrka jord i kommunane, seier Løset.

Kristiansund kommune har mista 21,3 prosent av sitt innmarksbeiteareal dei siste fire åra. Hustadvika har ein nedgang på 0,2 prosent. I sum er nedgangen på beiteareal 7,6 prosent (3 393 dekar) på berre fire år i dei kartlagde kommunane.

– Det hadde vore ønskjeleg med ei meir aktiv forvaltning av desse areala, for å ta vare på artsmangfald og for å skape verdiar, seier Løset.

Tabell:
Prosentvis tap av jordbruksareal opp mot sum jordbruksareal i kommunen:

imagexo3s.png

Kartet viser ulike typar areal

Arealressurskartet AR5, som NIBIO har oppdatert i år, klassifiserer areal i ulike typar. Det viser tilstanden på til dømes fulldyrka jord, overflatedyrka jord, innmarksbeite, skog og nedbygd areal.

– Det går gjerne 4-8 år mellom kvar gong NIBIO gjennomfører ei oppdatering av kartet. Kommunane har ansvar for å oppdatere kartet kontinuerleg. NIBIO samanliknar sist oppdaterte AR5 med det dei ser i nye ortofoto, eller flybilete, fortel Løset.

Endring frå jordbruksareal til skog

– 7 452 dekar jordbruksareal har gått ut av produksjon i åra 2018 til 2022. Av dette har 3 034 dekar innmarksbeite og 2 482 dekar fulldyrka jord grodd til med skog. Resterande utgått areal er enten nedbygd, nytta til samferdsel eller blitt til myr.

Løset seier at det også har vore noko nydyrking og rydding av beite i perioden, til saman 2 310 dekar.

– Netto tap av jordbruksareal desse åra vert da 5 142 dekar, eller omlag 1,7 prosent av jordbruksarealet i desse kommunane.

Endringar i arealklassifisering:

imageeyjc5.png

Tabellen syner at Molde og Smøla har størst netto tap av jordbruksareal i perioden, i overkant av 1 000 dekar. Kristiansund har størst prosentvis nedgong i høve til totalt jordbruksareal i kommunen, medan Hustadvika har minst nedgong sett i høve til storleik.

Kontaktpersonar