Eikesdalen vil bevare tradisjonar i varmekjære lauvskogar

Bilete som viser piling (styving) av alm i Eikedalen.
Piling (styving) av alm i Eikedalen. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Ragnhild Naug Aas.

Eikesdalen har frodige varmekjære lauvskogar der hassel og alm dominerer. Desse treslaga har vore rike ressursar gjennom historia, og framleis er det liv i dei gamle haustingstradisjonane.

Publisert 01.11.2024

Hausting med lange tradisjonar

Eikesdalen har eit uvanleg godt, varmt og tørt klima, som skaper eit frodig landskap med store varmekjære lauvskogar der hassel og alm dominerer.

Gjennom historia har dei to treslaga vore rike ressursar i området. Hassel har blitt brukt til tønneband, brøytestikker og flettearbeid, medan hasselnøtter var ein verdifull matressurs for både folk og dyr. For bøndene i Eikesdalen har sal av nøtter vore ei viktig inntektskjelde, ein tradisjon som har blitt gjenoppliva dei siste åra.

Almelauv og almebork var viktig vinterfôr til husdyra i tillegg til høy. Barken har også vore brukt til menneskemat, ved å male den til mjøl og bruke i brødet. Eikesdalen har ein svært stor bestand av styva alm, fordelt på mange lokalitetar.

Stort oppmøte på skjøtselskurs

I vår blei det arrangert kurs i skjøtsel av hassel og alm i Eikesdalen, i regi av Norsk landbruksrådgiving og landbruksavdelinga i Molde kommune, med full finansiering frå UKL-midlar. Over 60 deltakarar møtte opp og blei grundig lært opp i skjøtsel, både praktisk og teoretisk. Deltakarane fekk også foredrag om samanhengen mellom artane som finst i varmekjære lauvskogar og den kulturhistoriske bruken av hassel og alm.

Bilete som viser at det var eit godt oppmøte på skjøtselskurs. Deltakarane fekk her ein praktisk demonstrasjon i skjøtsel av hassel.
Godt oppmøte på skjøtselskurs. Deltakarane fekk her ein praktisk demonstrasjon i skjøtsel av hassel. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Ragnhild Naug Aas.

Framtidige tiltak for haustingsskogbruket

Eikesdalen er eit av 51 område i Noreg som har status som utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL). UKL er ei nasjonal satsing med mål om å bevare eit representativt utval av verdifulle norske jordbrukslandskap, og sikre verdiar knytt til kulturlandskapet, samtidig som ein sikrar langsiktig skjøtsel og drift.

Som UKL-område satsar Eikesdalen på å bevare tradisjonane knytt til haustingsskogbruket, med særleg fokus på hassel og alm. På slutten av fjoråret fekk området utarbeidd ein eigen forvaltningsplan, der skjøtsel av hassel og alm er eit av fem prioriterte område. Målet er å halde hassel- og almeteigar i god stand, bidra til å etablere, systematisere og vidareutvikle eit erfarings- og kunnskapsbasert fagmiljø rundt å kultivere desse treslaga, og å sikre naturverdiane knytt til desse.

Det er løyvd 190 000 kroner til å utarbeide skjøtselsplanar for haustingsskogen. Miljøfagleg Utredning (MFU) har fått oppdraget med å utarbeide planane saman med grunneigarar, og dei var på synfaring i området i haust. I fyrste omgang er det åtte grunneigarar som skal få utarbeidd planar. Planane skal vere ferdige til februar 2025, slik at det kan søkast om UKL-tilskot til skjøtsel same år.

Beilete som viser hasselnøtter frå Eikesdalen.
Hasselnøtter frå Eikesdalen. Foto: Marit Solveig Finset.