Bruk av UKL-midla i 2024

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal v/Ragnhild Naug Aas

I 2024 blei det innvilga 2 862 052 kroner til tiltak i dei fire utvalde kulturlandskapa i fylket.

Publisert 17.12.2024

I Møre og Romsdal har vi fire utvalde kulturlandskap (UKL) i jordbruket. Dette er Fjellgardane i Sunndal (Sunndal kommune), Alnes (Giske kommune), Hjørundfjorden og Norangsdalen (Ørsta og Volda kommunar) og Eikesdalen (Molde kommune).

Føremålet med UKL-midlane er å bidra til å sikre verdiar knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, inkludert å sikre langsiktig skjøtsel og drift innanfor områda.

Det er kommunane som forvaltar UKL-ordninga etter nasjonal forskrift, eigne forvaltningsplanar for områda og lokale retningsliner. Kvart område blir gitt ei årleg ramme til disposisjon. Storleiken på ramma varierer mellom områda, ut frå mellom anna områda sin størrelse, omfang av tiltak og tal grunneigarar/drivarar, innmeldte behov og oppnådde resultat.

I 2024 hadde områda 2,9 millionar kroner til disposisjon. Det blei løyvt tilskot til 42 og 92 årlege driftstiltak.

Fordeling på ulike miljøtema

Eit UKL-tiltak kan kategoriserast innanfor eit av sju miljøtema. I 2024 var den prosentvise fordelinga på miljøtema følgande:

imageiss4.png

Det blei innvilga mest til landskapsskjøtsel (41 %). Denne kategorien omfattar tiltak for å ta vare på og utvikle eit mangfald av jordbruket sitt verdifulle kulturlandskap. Mellom anna slåttetilskot, beitetilskot, gjerding og vegetasjonsrydding. Nest mest midlar blei gitt til tiltak innafor miljøtema kulturminne og kulturmiljø (39 %). Her blir tilskotet gitt til tiltak som tar vare på og synleggjer bygningar, steingjerde, bakkemurar og andre kulturminne i landskapet. Tredje største kategori var tiltak for biologisk mangfald (8 %). Her blir tilskotet gitt til tiltak som tar vare på og skjøttar biologisk verdifulle areal, og betrar statusen for trua arter og naturtypar i jordbruket sitt kulturlandskap.

image19g9.png

Områda vil få tildelt nye rammer for 2025. Ta kontakt med kommunen om du er interessert i å søke om tilskot.