Kommunale rammer til Spesielle miljøtiltak i jordbruket 2024

Bilete som viser hestar på beite i Isfjorden, Rauma kommune.
Hestar på beite i Isfjorden, Rauma kommune. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Ragnhild Naug Aas.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt ei samla ramme på 9 millionar kroner til kommunane for ordninga Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL).

Publisert 01.03.2024

Om fordelinga av SMIL-midlar i 2024

I 2024 er den nasjonale ramma for SMIL på 200 millionar kroner. Av dette er 30 millionar øyremerka Oslofjordområdet for å redusere avrenning til vatn. Resten er fordelt på kvart enkelt fylke, der Møre og Romsdal har fått totalt 9 millionar kroner.

Kommunane har meldt inn eit samla behov for året på 11 180 000  kroner. Det er dermed eit sprik mellom innrapportert behov og midlar som er til fordeling. Det er nytta ein fordelingsnøkkel for å fordele rammer til kommunane. Denne tek utgangspunkt i tre objektive kriterium for kommunane: Tal som søkte om produksjonstilskot føregåande år, tal på landbrukseigedomar og tal på jordbruksareal i drift. Dernest er det lagt vekt på:

  • Innmeldt behov frå kvar enkelt kommune
  • Lokale retningslinjer skildrar miljøutfordringar og prioritering av tiltak i kommunen
  • Gjennomføringsevne, framdrift og oppnådde resultat i kommunen
  • Variasjonar i behov frå år til år, saman med omsyn til føreseielegheit og kontinuitet

 

Kommunvis fordeling 2024

Aukra

160 000

Smøla

305 000

Aure

435 000

Stranda

335 000

Averøy

350 000

Sula

50 000

Fjord

375 000

Sunndal

405 000

Giske

170 000

Surnadal

550 000

Gjemnes

415 000

Sykkylven

250 000

Haram

330 000

Tingvoll

290 000

Hareid

100 000

Ulstein

155 000

Herøy

250 000

Vanylven

405 000

Hustadvika

800 000

Vestnes

240 000

Kristiansund

40 000

Volda

550 000

Molde

680 000

Ørsta

550 000

Rauma

300 000

Ålesund

335 000

Sande

175 000

SUM

9 000 000

 

Det er stor etterspørsel etter SMIL-midlar i heile fylket. Det er viktig at eventuelle unytta og inndregne midlar blir innvilga til nye tiltak i eigen eller andre kommunar.  Statsforvaltaren vil følgje med på forbruket av midlar i kommunane og gjennomføre fire omfordelingsrundar i løpet av året: 1.april, 1.juni, 1.september og 15.oktober.

Kort om forbruk av SMIL-midlar 2023

I fjor blei det innvilga 9 074 170 kroner i tilskot til SMIL-tiltak her i fylket. Av dette utgjer nye saker 8 735 331 kroner, mens resterande sum gjeld eldre saker som enten er innvilga på nytt eller har fått ekstraløyving.

Totalt blei det innvilga tilskot til 199 nye tiltak. Tabellen nedanfor viser sum tilskot og tal innvilga søknader på regionnivå.

Regionar

Sum tilskot

Tal innvilga søknader

Nordmøre 1

1 599 994

35

Romsdal 2

2 092 747

35

Sunnmøre 3

5 042 590

129

Sum

8 735 331

199

Molde kommune innvilga flest midlar med vel 950 000 kroner fordelt på 18 vedtak. Dernest følgde Sunndal, Hustadvika, Vanylven og Volda.

Eit SMIL-tiltak kan kategoriserast innanfor eit av sju overordna miljøtema. I fjor var den prosentvise fordelinga på miljøtema, for fylket samla, følgande:

Det blei innvilga mest til kulturlandskapstiltak (47 %). Denne kategorien omfattar mellom anna tiltak for å restaurere og skjøtte verdifulle jordbruksområde med spesielle kulturlandskapsverdiar. Nest mest midlar blei gitt til tiltak som skal ta vare på kulturminne og kulturmiljø (26 %). Her gis det mellom anna tilskot til istandsetting av freda og verneverdige bygningar og andre kulturminne. Tredje største kategori var tiltak som skal hindre avrenning til vatn og betre tilstanden i utsette vassførekomstar (19 %). Dei fleste tiltaka i denne kategorien omhandlar utbedring av hydrotekniske anlegg og erosjonssikring i eller langs vassdrag.

Forvaltning og prioritering av SMIL- midlane

Ordninga skal bli forvalta etter gjeldande forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket og tilhøyrande rundskriv. I tillegg skal alle kommunar ha lokale retningslinjer som skildrar miljøutfordringar og prioritering av tiltak i kommunen.

Det kan innvilgast SMIL-tilskot til å gjennomføre tiltak som:

  • tek vare på natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet
  • reduserer tap eller risiko for tap av næringsstoff, partiklar og andre forureinande utslepp til jord, avrenning til vatn eller utslepp til luft frå jordbruksareal, fôr eller gjødsel
  • omfattar planlegging og tilrettelegging for heilskaplege miljøprosjekt i jordbruket

Å følgje lovpålagte krav som gjeld forureining blir rekna som del av den ordinære jordbruksdrifta, og kan ikkje bli gitt SMIL-tilskot. Drift og skjøtsel som følgjer av normal bruk av areala knytt til eksisterande drift vil i hovudsak ikkje ha rett til tilskot. SMIL-tilskot er først og fremst aktuelt til tiltak som inneber ein ekstra innsats utover dette, og som det er knytt særlege kostnader til.

Ta kontakt med din kommune om du vil gjennomføre tiltak

Det er kommunen som mottar og behandlar søknader og fattar vedtak om SMIL-tilskot. Kommunane har lokale søknadsfristar og eigne retningsliner som beskriv miljøutfordringar og prioritering av tiltak. For meir informasjon om prioriteringar, satsar med meir i din kommune, sjå kommunen sine retningsliner for tilskotet og kommunen si utlysing.