Bruk av SMIL-midlar i 2024

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal v/Ragnhild Naug Aas

I 2024 blei det innvilga 10 749 738 kroner i tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) her i fylket.

Publisert 16.12.2024

Av den totale summen utgjer nye løyvingar 10 619 575 kroner. Den resterande summen gjeld eldre saker som enten er innvilga på nytt eller har fått ekstraløyving.

Føremålet med SMIL-midlane er å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og å redusere forureininga frå jordbruket. Det er kommunane som forvaltar SMIL-ordninga etter nasjonal forskrift og lokale retningsliner. Kvar kommune blir gitt ei årleg ramme til disposisjon.

I 2024 hadde kommunane i underkant av 10,8 millionar kroner til disposisjon. Dette omfatta «friske» midler frå jordbruksoppgjeret på 9 millionar kroner, samt inndratte midlar gjennom året på vel 1,8 millionar kroner.

Totalt blei det innvilga tilskot til 242 SMIL-tiltak. Tabellen nedanfor viser sum tilskot og tal innvilga søknader på regionnivå.

image21to.png

imagevqzq.png

Hustadvika kommune innvilga flest midlar, med vel 1 153 850 kroner. Dernest følgde Surnadal, Volda, Molde og Smøla.

Fordeling på ulike miljøtema

Eit SMIL-tiltak kan kategoriserast innanfor eit av sju miljøtema. I 2024 var den prosentvise fordelinga på miljøtema følgande:

Det blei innvilga mest til kulturlandskapstiltak (52 %). Denne kategorien omfattar mellom anna tiltak for å restaurere og skjøtte verdifulle jordbruksområde med spesielle kulturlandskapsverdiar.

Nest mest midlar blei gitt til tiltak som skal hindre avrenning til vatn og betre tilstanden i utsette vassførekomstar (22 %). Dei fleste tiltaka i denne kategorien omhandlar utbetring av hydrotekniske anlegg og erosjonssikring i eller langs vassdrag. Tredje største kategori var tiltak for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø (19 %). Her blir tilskotet gitt til istandsetting av freda og verneverdige bygningar og andre kulturminne, for å bevare desse og halde dei synlege i kulturlandskapet.

imageflwsy.png

Kommunane har fått tildelt ny ramme for SMIL i 2025. Ta kontakt med kommunen om du er interessert i å søke om tilskot eller les meir om SMIL-ordninga på landbruksdirektoratet.no.