Bruk av SMIL-midlar i 2022

Blomstereng på Herdalssetra, Fjord kommune. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Ragnhild N.Aas.

I 2022 er det løyvd vel 8,4 millionar i tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) i Møre og Romsdal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.12.2022

Føremålet med SMIL-midlane er å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og å redusere forureininga frå jordbruket. Det er kommunane som forvaltar SMIL-ordninga etter lokale retningsliner. Dei blir gitt ein årleg pott til disposisjon.

I 2022 hadde kommunane samla 9,4 millionar kroner til rådigheit til SMIL-tiltak. Midlar til rådigheit omfattar «friske» midler frå Landbruksdirektoratet på 7 millionar kroner, i tillegg til overførte midler frå 2021 på 800 000 kroner, og inndratte midlar gjennom året på vel 1,6 millionar kroner.

Før søknadssystemet Agros stengte den 12. desember, blei midlar omfordelt mellom kommunane. Slik fekk kommunane som hadde gode søknader overført midlar frå kommunar som ikkje hadde fleire søknader.

Tilskot og innvilga søknader fordelt på regionnivå

Regionar Sum tilskot Tal innvilga søknader

Nordmøre 1

2 817 732

71

Romsdal 2

1 924 175

35

Sunnmøre 3

3 696 363

114

Sum 8 438 270 220

Sunndal kommune har innvilga mest midlar med vel 1,1 millionar kroner, fordelt på 33 søknader. Dernest følger Molde, Hustadvika og Ørsta. Alle kommunane har innvilga søknader i år, med unntak av Aukra, Giske og Sula kommune.

Fordeling på ulike miljøtema

I 2022 blei det totalt innvilga 8 438 270 kroner, fordelt på totalt 220 vedtak. Prosentvis fordeling for dei ulike miljøtema i SMIL-ordninga er følgande:

Det er innvilga mest til kulturlandskapstiltak (59 %). Kulturlandskapstiltak omfattar mellom anna tiltak for å sette i stand verdifulle jordbrukspåverka område med kulturlandskapsverdiar, skapt av langvarig, tradisjonell jordbruksdrift. Nest mest midlar er gitt til tiltak som skal hindre avrenning til vatn og betre tilstanden i utsette vassførekomstar (19 %). Dei fleste tiltaka i denne kategorien omhandlar utbedring av hydrotekniske anlegg og erosjonssikring i eller langs vassdrag. Tredje største kategori er kulturminne og kulturmiljø (18 %). Her blir tilskotet gitt til istandsetting av freda og verneverdige bygningar og andre kulturminne, for å bevare desse og halde dei synlege i kulturlandskapet.

Kommunane får ny pott med SMIL-midler i løpet av januar 2023. Ta kontakt med kommunen om du er interessert i å søke om tilskot, eller les meir om SMIL-ordninga på landbruksdirektoratet.no