Informasjonsbrev veke 50/2024
- ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2024 – 12, frist fredag 20. desember
- Ragnhild Naug Aas skal ha permisjon i perioden 13.12.2024 – 01.01.2026
- Tilskot til tiltak for å ta vare på natur - Fem ordningar blir erstatta av éin
ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2024 – 12, frist fredag 20. desember
Virkesopplysningar for periode 2024 -12 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er fredag 20. desember, men helst før den tid! Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg
Ragnhild Naug Aas skal ha permisjon i perioden 13.12.2024 – 01.01.2026
For denne perioden er hennar arbeidsoppgåver fordelt på følgande kollegaer:
- Marianne Aas Halse: Utvalde kulturlandskap og verdsarv (UKL og ARV)
- Per Eldar Nakken: Tilskot til drenering av jordbruksjord
- Andreas Aarset: Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
- Marie Teigland: Kulturlandskapsprisen
Ragnhild vil vere tilbake 02.01.2026.
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Tilskot til tiltak for å ta vare på natur - Fem ordningar blir erstatta av éin
Tilskotsordningane for trua artar, trua naturtypar, ville pollinerande insekt, verdifulle kulturlandskap og fjerning av framande organismar er slått saman til éi ordning. Den nye ordninga heiter Tilskot til tiltak for å ta vare på natur.
Denne ordninga er ny frå 2025, og erstattar dei tidlegare tilskotsordningane for trua naturtypar, trua artar, ville pollinerande insekt, verdifulle kulturlandskapsområde og fjerning av framande organismar.
Privatpersonar, kommunar, organisasjonar, verksemder og institusjonar kan søkja. Søknadsfristen er 15. januar 2025.
Du kan søkja om tilskot til:
- vedlikehald, skjøtsel og restaurering
- tilpassa jordbruksdrift som blir gjennomført slik at det biologiske mangfaldet i og i tilknyting til areal blir teke vare på eller blir forbetra
- innkjøp og montering av utstyr til skjøtselstiltak
- konkrete tiltak for enkeltartar, til dømes bevaringsutsetjing og innsamling av frø
- etablere leveområde for ville pollinerande insekt
- kjempa mot framande artar
- kartlegging og overvaking i samband med gjennomføring av tiltak
- utarbeida tiltaks- og skjøtselsplanar
- informasjonsarbeid
Kontaktpersoner: Linda Aaram, Marita Fjelle , Solveig Silset Berg