Informasjonsbrev veke 42/2022

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Påminning: ØKS - Godkjenning av virkesopplysningar 2022-10 
  • Seminar om landbruksplast i jord og vatn 
  • Fagdag for småskala grønsaksdyrking i Møre og Romsdal
  • Skogsamling 16. og 17. november i Ørsta
  • Meir bruk av tre i offentlige bygg – søk om midlar til kommunen sine prosjekt!
  • Avlyst demonstrasjon av Agros 20. oktober - om rapportering for UKL, ARV og SMIL  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.10.2022

Påminning: ØKS - Godkjenning av virkesopplysningar 2022-10 

Virkesopplysingar for periode 2022-10 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for godkjenning er tirsdag 25. okt. Hugs eventuell fil med manuelt registrert virke. 

Kontaktperson: Åslaug Røberg 

 

Seminar om landbruksplast i jord og vatn 

Statsforvaltaren er delaktige i Forum Landbruksplast. Forumet arrangerer seminar onsdag 26. oktober, med føremål å jobbe saman for å finne løysingar på plastforureininga i naturen. Du kan delta digitalt eller fysisk i Bergen. 

Meir informasjon og påmelding her 

Kontaktperson: Britt Kari Eidseflot Hauger

 

Fagdag for småskala grønsaksdyrking i Møre og Romsdal 
Laurdag 5. november kl 10 – 16, Molde 

Statsforvaltaren  inviterer småskaladyrkarar til fagdag og arbeidsøkt saman med innovasjonsselskapet Protomore. 

Målet er å bli meir medvitne om: 

  • Moglegheiter  
  • Val av salskanalar 
  • Marknadsføring  
  • Auk lønsemd  

Dagen vil vere ein arbeidsverkstad der ein jobbar med eiga bedrift i samarbeid med andre. 
Fagdagen er gratis. Meir informasjon og påmelding (frist er 1.november). 

Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset 

 

Skogsamling 16. og 17. november i Ørsta   

Vi minner om fagsamling skogbruk på Hotel Ivar Aasen i Ørsta. Ei samling for offentleg forvaltning og andre som arbeider innanfor skogbruk i regionen.   

Meir informasjon, program og påmelding finn du her   

Elektronisk bindande påmelding innan 19. oktober.  

Kontaktperson: Odd Løset 

 

Meir bruk av tre i offentlige bygg – søk om midlar til kommunen sine prosjekt! 

Ønsker din kommune å bruke meir tre i byggeprosjekt? Kanskje de også har ambisjonar om sirkulære løysingar? Kommunane har ei viktig rolle som bestillarar av bygg. Gjennom Tredrivaren sitt kompetanseprogram kan kommunane i Møre og Romsdal søke om støtte for å få økt kunnskap på dette området.  

Statsforvaltaren lyser ut støtte til prosjekt i fylket som i stor grad vil bygge i tre, og gjerne gjenbruk av materiale. Støtta på inntil kr 40.000 pr prosjekt kan brukast til utgreeing, forprosjekt eller studieturar. 

Les mer her  

Kontaktperson: Christina Qvam Heggertveit 

 

Avlyst demonstrasjon av Agros 20. oktober - om rapportering for UKL, ARV og SMIL  

I morgon (20.oktober) skulle Landbruksdirektoratet hatt ein demonstrasjon av rapportering for UKL, VAR og SMIL i Agros, på Teams. Denne er no avlyst.  

Brukarrettleiingar og tidlegare opptak frå teamsmøte om Agros ligg på Landbruksdirektoratet si nettside for elektroniske tenester – Agros. 

Ta gjerne ein titt på opptak av teamsmøta om: 

  • Om standardrapporter i Agros: UKL og ARV frå 29.okt 2021  
  • Rettleiing om UKL og ARV: rapportering og bruk av avansert søk frå 29.okt.21. 

Kontaktperson: Ragnhild Naug Aas