Informasjonsbrev veke 40/2022
- Fylkesnytt frå Møre og Romsdal
- Fagdag for Inn på tunet-tilbydarar onsdag 19. oktober i Molde - påmeldingsfrist 11. oktober
- Miljøtiltak i skog
- Ta kontakt med regional kulturminneforvaltning om du har spørsmål til forvaltning av kulturminne og kulturmiljø.
- Tilskot ved produksjonssvikt
- Skogsamling 16. og 17. november i Ørsta
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesnytt frå Møre og Romsdal
To gonger for året leverer landbruksavdelinga nyheitsbrevet Fylkesnytt som blir publisert på heimesida til Landbruks- og matdepartementet (LMD). Ny utgåve av Fylkesnytt er publisert no, mellom anna om glede over midlar til jordvernstrategi i Ørsta kommune. Andre tema er støtte til rådgjeving for storfeprodusentar som har båsfjøs, Kulturlandskapsprisen, Matgledekorpset som inspirerer til mat- og måltidsglede for eldre, Kystskogkonferansen og nest høgaste treet i landet.
Les Fylkesnytt her
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Fagdag for Inn på tunet-tilbydarar onsdag 19. oktober i Molde - påmeldingsfrist 11. oktober
Statsforvaltaren inviterer til fagdag for Inn på tunet-tilbydarar onsdag 19. oktober kl 09.30 – kl 16.00 på Scandic Hotel Alexandra i Molde. Andre interesserte er også velkomne til å delta. Fagdagen er gratis. Påmelding innan tysdag 11. oktober.
Meir informasjon finnast her
Informer gjerne tilbydarar og andre interesserte i kommunen din!
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Disponible midlar er no lagt ut på ramma til Miljøtiltak i skog. Kommunen kan dermed løyve tilskot og fatta vedtak i saker etter denne ordninga i ØKS. Søknader datert etter 1.oktober skal vente til neste år. Midlane vert liggande på ramma fram til 21. oktober, så kommunen må fatte vedtak og løyve midlar innan denne fristen. Utbetaling til skogeigar kan skje på eit seinare tidspunkt innanfor ramma til arbeidsfristen i den einskilde sak.
Ta kontakt med regional kulturminneforvaltning om du har spørsmål til forvaltning av kulturminne og kulturmiljø.
Regional kulturminneforvaltning arbeider for å ta vare på og formidle viktige kulturminne i fylket. Dei har ansvar for å samarbeide med og rettleie kommunane i deira planlegging, og sjå til at viktige kulturminneomsyn blir tatt i samband med ulike tiltak.
Meir informasjon om regional kulturminneforvaltning og oversikt over kommunekontakter finn du her.
Kontaktperson: Ragnhild Naug Aas
Jorbruksføretak kan søkje om erstatning for å redusere økonomisk tap ved klimabetinga avlingssvikt i plante- og honningsproduksjon. Søknadsfristen er 31. oktober.
Informere søkerne om hvilke opplysingar vi ynsker:
- Det kan være vanskeleg for søkjare å skjønne ut frå søknad kva det skal opplyses om
- Sende e-post til dei som melder om skade og legg med hjelpeskjema (grovfôr med husdyr)
- Alle søknader med grovfôr med husdyr skal kontrollerast
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset
Skogsamling 16. og 17. november i Ørsta
Sett av dagane til fagsamling skogbruk på Hotel Ivar Aasen i Ørsta. Ei samling for offentleg forvaltning og andre som arbeider innanfor skogbruk i regionen.
Meir informasjon, program og påmelding finn du her
Elektronisk bindande påmelding innan 19. oktober.
Kontaktperson: Odd Løset