Informasjonsbrev veke 36/2024
- Tilskotsordningar innan næringsutvikling, kompetanseheving og rekruttering i landbruket hausten 2024 - søknadsfristar
Tilskotsordningar innan næringsutvikling, kompetanseheving og rekruttering i landbruket hausten 2024 - søknadsfristar
På vegne av Møre og Romsdal Fylkeskommune informerer vi om:
Fylkeskommunen har to tilskotsordningar med føremål å legge til rette for næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket, med mål om å styrke verdiskapinga i landbruket. Til saman er der i haust omlag 2,7 millionar kroner att i dei to ordningane. Fylkeskommunen er ute etter gode prosjekt som kan bidra til verdiskaping i tråd med måla i Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal 2023-2026.
Meir informasjon om føringar og vilkår:
Ordninga Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket har søknadsfrist: 15. oktober.
Ordninga Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket har løpande søknadsfrist.
Kven kan søke: Kommunar, organisasjonar, forsking- og utviklingsinstitusjonar.
Kontaktperson i Møre og Romsdal Fylkeskommune: Kirsti Hjelme Connor