Informasjonsbrev veke 10/2025

- Webinar – Vannforvaltning og landbruk
- Ny versjon av SKART
- Skogsamling i Møre og Romsda
Webinar – Vannforvaltning og landbruk
Landbruk kan påverke bekkar, elvar og innsjøar gjennom fysiske endringar og gjødselavrenning.
Saman med Statsforvaltaren sin seksjon naturforvatning arrangerer vi eit webinar for å:
- Auke kunnskapen om vassforvaltning og forstå samanhengane
- Kva informasjon kommunen treng for å gjere gode vurderingar før vedtak
Dette er relevant for behandling av SMIL og drenering, samt søknader om nydyrking.
Dato: 11. mars kl 10-11
Lenke: TEAMS - Bli med i møtet
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset
Ny versjon SKART-appen er no tilgjengeleg for nedlasting Google Play og AppStore. Den inneheld nokre nye funksjonar, og den viktigaste endringa er at skogbruksplandata er implementert i kartgrunnlaget. Skogbruksplandata ligg som to grunnkart i kartmodulen:
- Splan Standard
- Splan Satelitt
Når ein vel eit av desse vil ein kunne få oppdatert informasjon om eit bestand.
Så last ned eller oppdater SKART-appen!
Kontaktperson: Odd Løset
Den årlege skogsamlinga for kommunane blei arrangert i Ålesund 25.- 26. februar. Næringsorganisasjonane og andre som arbeider med skogbruk i fylket var også invitert. Det gjorde at 45 skoginteresserte blei samla.
Det var innlegg frå mellom anna: NIBIO, Landbruksdirektoratet, Statsforvaltaren, Skogselskapet og dei største næringsaktørane.
Skogsamlinga er ein viktig møteplass, både fagleg og sosialt for dei som arbeider med skogbruk i Møre og Romsdal.
Meir om samlinga og delar av innlegga finn du HER.
Kontaktperson: Odd Løset