Tilskotswebinar 2025 (NY DATO!)
- Dato:
- 14. januar 2025 09:00 - 12:00
- Stad:
- Microsoft Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Målgruppe:
- Kommunane i Møre og Romsdal med leiarar og ansvarlege for tilskotsforvaltninga innan helse, omsorg, velferds, barnevern og oppvekst og utdanning, innovasjonsansvarlege, og andre som jobbar med område der nemnte tilskot vil vere aktuelle stimuleringstiltak.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer til informasjonsmøte om våre ulike tilskotsordningar.
Vi vil presentere skjønnsmidlar; prosjektskjønn og ordinære skjønnsmidlar. Under området Sosial berekraft går vi gjennom tilskot på helse, sosial og barnevernsområdet.
Det blir høve til å stille spørsmål i chatten. Tilskotswebinaret skjer på Teams og vil følge eit fast program. Det betyr at dere kan gå inn og ut av møtet avhengig av dei ulike tilskotsordningane du ønsker å få presentert. Detaljert program kjem. Påmelding er ikkje nødvendig - lenke til arrangementet blir lagt ut på nettsida.
Vi håper dette kan vere av interesse og ønsker velkomen til Tilskotswebinar.
Oppkobling
Webinaret startar 14. januar kl. 09.00, men vi åpner for påkobling noko før programstart.
Klikk på lenka for å bli med: Microsoft Teams
Om du ikkje har Teams installert på PC-en din vil du kunne bli med gjennom nettlesaren din. Velg bli med i møte – Skriv inn namnet ditt og velg bli med i møtet.
Om du opplever at bildet/filminga frys under konferansen, prøv då å gå ut frå sendinga og inn på nytt.
Økonomi
Gratis arrangement
Målgruppe
Kommunane i Møre og Romsdal med leiarar og ansvarlege for tilskotsforvaltninga innan helse, omsorg, velferds, barnevern og oppvekst og utdanning, innovasjonsansvarlege, og andre som jobbar med område der nemnte tilskot vil vere aktuelle stimuleringstiltak.
- Dato:
- 14. januar 2025 09:00 - 12:00
- Stad:
- Microsoft Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Målgruppe:
- Kommunane i Møre og Romsdal med leiarar og ansvarlege for tilskotsforvaltninga innan helse, omsorg, velferds, barnevern og oppvekst og utdanning, innovasjonsansvarlege, og andre som jobbar med område der nemnte tilskot vil vere aktuelle stimuleringstiltak.