Kurs i habitattiltak i sjøaurebekkar

Dato:
1. september 2023 17:00 - 2. september 2023 15:30
Stad:
Havila Hotel Ivar Aasen, Ørsta
Arrangør:
Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Prosjektet «Mange bekkar små» inviterer til kurs i restaurering og habitatforbetrande tiltak. 

Publisert 01.08.2023

Korleis planlegge og gjennomføre habitatforbetrande tiltak

Formålet med kurset er å gi deltakarane kompetanse i å planlegge og gjennomføre eit konkret prosjekt for å betre gyte- og oppveksttilhøva for sjøauren gjennom fysiske tiltak. På forhånd skal det vere lagt ein plan og søkt om nødvendige løyver til gjennomføring av tiltaka. Forarbeidet vil bli presentert og gjennomgått, men hovudmålet med kurset er praktisk gjennomføring av dei habitatforbetrande tiltaka. 

Kurshaldarar: Marius Kambestad frå NORCE, i samarbeid med Statsforvaltaren og fylkeskommunen

Fullstending program vil bli sendt ut nærare kursdato.

Kurset er gratis og inkluderer middag fredag og lunsj laurdag. Dersom du treng overnatting, må du bestille dette sjølv. 

Påmelding: https://mrfylke.no/kalender/naering/arrangement-naering-2023/kurs-i-habitattiltak-i-sjoeaurebekkar-2023

Dato:
1. september 2023 17:00 - 2. september 2023 15:30
Stad:
Havila Hotel Ivar Aasen, Ørsta
Arrangør:
Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal