Oppmodar til meir strukturerte kommunesamarbeid
Møre og Romsdal har 200 ulike interkommunale samarbeid. Det viser ei kartlegging frå NIVI-analyse. Rapporten anbefaler meir strukturerte samarbeid, noko som kan bidra til berekraftige velferdstenester og meir utviklingsdyktige kommunar.
– Rapporten etter kartlegginga viser at kommunane har mykje å hente i samarbeid, om dei jobbar strukturert og målretta, seier assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste.
Overraskande lite samarbeid mellom nære nabokommunar
– I fylket finn vi fleire eksempel på overraskande lite bilateralt samarbeid mellom nære nabokommunar, skriv NIVI Analyse ved Geir Vinsand i rapporten. Han viser særleg til kommunar på Søre Sunnmøre.
Vinsand meiner at interkommunalt samarbeid ikkje har vore ein prioritert strategi verken lokalt eller nasjonalt.
– Frykt for sentralisering av fagpersonell og mindre styring med tenester i eigen kommune har ofte vore utslagsgivande. Nasjonalt har kommunesamanslutning lenge hatt prioritet framfor forsterka samarbeid mellom kommunane, skriv han.
Lite samarbeid om administrasjon og tenester
Nesten alle kommunane i fylket deltek i samarbeid om IKT, legevakt, døgnkontinuerleg barnevernsvakt, krisesenter, kompetansesamarbeid innanfor oppvekst, renovasjon, friluftsråd og beredskap mot akutt forureining. Mange kommunar samarbeider også om barnevern, PP-teneste, NAV-kontor, brannvesen og felles hamneforvaltning.
Dei fleste nyare samarbeidsordningane har komme innan helse- og sosialsektoren.
Vinsand anslår at kjernesamarbeidet om administrasjon og tenester maksimalt utgjer 4-5 prosent av kommunanes økonomi og sysselsetting.
– I fylket finns ingen regionale plankontor, ingen felles økonomikontor og ingen samarbeid om tildelingskontor for ressurskrevjande helse- og omsorgstenester, står det i rapporten.
Dårleg strukturerte samarbeid
Vinsand finn at fleire av samarbeida er dårleg strukturerte, svakt utvikla og utan politisk styring.
Samfunnsforskaren meiner at vi i møte med eit meir krevjande utfordringsbilde kan forvente at fleire kommunar vil samordne organisering og styring av interkommunale samarbeid. Han trur og at fleire vil samarbeide om lovpålagte kjerneoppgåver.
Utfordringar og moglegheiter i samarbeid
– Kommunedirektørane peiker på mange kompetansekrevjande funksjoner og oppgåver som aktuelle for interkommunalt samarbeid. Det gjelder både administrative funksjoner og forvaltningsoppgåver, kompetansekrevjande velferdstenester og ikkje minst plan- og utviklingsoppgåver, inkludert behov for økt samarbeid om beredskap, klima og miljø og kommunal infrastruktur, skriv Vinsand.
Rapporten syner at kommunedirektørane ser at samarbeid kan løyse utfordringar i å få tak i kompetente fagfolk.
– Som kritiske utfordringar og moglege ulemper ved interkommunalt samarbeid peikar dei særleg på manglande samordning mot eige tenesteapparat, mindre effektiv administrativ styring og svakare kostnadskontroll, skriv Vinsand.
Andre utfordringar er at mykje av samarbeidet skjer på dei store kommunane sine premiss, manglande demokratisk forankring og kontroll, og ein avvikande forvaltningskultur i interkommunale selskap.
Oppmodar til meir strukturert samarbeid
Geir Vinsand anbefaler meir struktur i samarbeidet. Han oppmodar alle kommunane å vurdere overgang til eit breiare og meir oversiktleg organisert interkommunalt samarbeid mellom faste partnarar.
Dokument
Sjå film om rapporten
Om kartlegginga
Kartlegginga er gjort i nær dialog med kommunedirektørar og andre nøkkelpersonar med god kjennskap til det interkommunale samarbeidet. Kartlegginga omfattar alle fylket sine 27 kommunar, inkl. nye Haram kommune. Alle kommunedirektørane og daglege leiarar i regionråda fekk formidla skriftlege spørsmål. 14 kommunedirektørar og ein dagleg leiar i interkommunalt politiske råd svarte på desse spørsmåla.
Anbefalte samarbeidsområde
Nivi Analyse meiner det er gode argumenter for samarbeid om inntil 20 prosent av kommunane sine kjerneoppgåver. Dei løfter fram ni anbefalte samarbeidsområde:
1. Regionale IKT-organisasjoner
2. Administrative støttefunksjoner
3. Oppgavefellesskap for tjenesteutvikling
4. Rekruttering og kompetanseutvikling
5. Felles helse- og sosialtjenester
6. Pedagogisk utviklingssenter
7. Regionalt plankontor
8. Næring og innovasjon
9. Beredskap og samfunnssikkerhet