Rauma kommune meldt ut av ROBEK

Bilde av Åndalsnes frå fjorden
Rauma kommune er ute av Robek. Foto: Wikipedia.

Rauma kommune er meldt ut frå ROBEK - register om betinga godkjenning og kontroll. Vedtatt årsrekneskap for 2023 viser at kommunen har klart å dekke inn alt underskot frå tidlegare år.

Publisert 24.06.2024

Rauma kommune vart meldt inn på ROBEK i mai 2021. Bakgrunnen for innmeldinga var at kommunen sitt årsrekneskap for 2020 viste at meirforbruk frå 2019 ikkje blei dekt inn innan fristen på to år, jf. kommunelova § 28-1 bokstav c. Balanserekneskapen viste også eit oppsamla meirforbruk frå driftsrekneskapen på meir enn tre prosent av driftsinntektene.

Rekneskapen for 2023 viser eit resultat på knapt 2,8 millionar kroner etter at tidlegare underskot er dekt inn. Det gode resultatet skuldast både at kommunen internt har evna å omstille seg, og eksterne forhold som mellom anna høgare skatteinngang, utbytte på Rauma Energi AS og større utbetaling frå havbruksfondet enn venta.  

Om ROBEK

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt økonomiplan, årsbudsjett eller årsrekneskap innanfor dei fristane som gjeld.

Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal lage ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.