Hareid kommune blir meldt inn i ROBEK

Flyfoto over Hareid og ut over fjorden.
Hareid kommune må under statleg kontroll, sidan dei har meirforbruk i rekneskapen sin i 2023. Foto: Wikipedia common.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bedt Kommunal- og distriktsdepartementet om å melde Hareid kommune i ROBEK. Hareid blir meldt inn på bakgrunn av meirforbruk i rekneskapen for 2023.

Publisert 28.06.2024

Hareid kommunestyre har vedteke eit rekneskap for 2023 der balanserekneskapen til kommunekassa viser eit meirforbruk frå driftsrekneskapen på kr 36,1 mill. kroner, som utgjer 5,82 prosent av driftsinntektene.

Etter kommunelova § 28-1, bokstav d, skal kommunar der balanserekneskapen til kommunekassa viser eit oppsamla underskot frå driftsrekneskapen som er større enn tre prosent av driftsinntektene meldast inn i ROBEK, register for betinga godkjenning og kontroll.

Overordna er bakgrunnen for det store meirforbruket til kommunen eit vesentleg meirforbruk i drifta av tenesteområda velferd, læring og kultur.

Statleg kontroll

Kommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtaler. Kommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Om ROBEK

ROBEK er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt økonomiplan, årsbudsjett eller årsregnskap innanfor dei fristane som gjeld.

Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal lage ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.