Dei fleste innbyggarane i Liabygda vil til Fjord

74 prosent av innbyggarane i Liabygda ønsker å bli del av Fjord kommune. 19 prosent ønsker å bli verande i Stranda kommune, medan sju prosent ikkje har ei meining om saka.

Publisert 12.12.2024

81 prosent av innbyggarane i Liabygda har svara på innbyggjarundersøkinga om kva for kommune Liabygda skal høyre til.

Opinion har utført undersøkinga i slutten av november og starten av desember 2024, på vegner av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Innbyggarane har fått dette spørsmålet, via telefonintervju:
«Meiner du at Liabygda skal bli i Stranda kommune slik som i dag, eller bli del av Fjord kommune, eller har du ingen meining om dette?»

Bruttoutvalet var på totalt 132 respondentar. Det blei gjennomført 108 intervju.

Les meir om utgreiing av grensejustering for Liabygda: www.statsforvalteren.no/Liabygda