Utgreiing av grensejustering - Ona og Sandøya
Her legg vi ut informasjon som er nyttig i utgreiinga av grensejustering for Ona og Sandøya.
Rår til at Ona og Sandøya går til Aukra
Statsforvaltaren rår til at øyene Ona-Husøya og Sandøya blir grensejustert over frå Ålesund kommune til Aukra kommune. Årsaka er at eit stort fleirtal av innbyggarane vil dette.
Publisert 14.08.2024
Høyringsdokumenter
Saka er no på høyring. Her finn de aktuelle dokument i høyringa.
Publisert 21.06.2024
Dei fleste innbyggarane på Ona/Husøy og Sandøya vil til Aukra
75 prosent av innbyggarane på Ona/Husøya og Sandøya ønsker å bli del av Aukra kommune. 23 prosent ønsker å bli verande i Ålesund kommune.
Publisert 07.05.2024
Kva meiner innbyggarane?
Kva for ein kommune bør Ona og Sandøya tilhøyre? Ålesund eller Aukra? Alle som bur på øyene får seie si meining i ei innbyggarundersøking i veke 23 og 24. Les meir om undersøkinga her!
Publisert 23.04.2024
Foreløpig faktagrunnlag
Faktagrunnlaget vart sendt til kommunane for innspel 19. april. Det vert oppdatert etter innspel. Siste utkast finn du til ein kvar tid her.