Høyring av vern av skog i Fjord kommune

Høyringsfrist:
3. januar 2025
Foto: Per Eide.

Nesplassen naturreservat nordvest for Stordal sentrum blei verna i 2003. No er forslag om utvida grense og fornya forskrift på høyring. Frist for å kome med merknader til forslaget er 3. januar 2025.

Publisert 06.11.2024

Nesplassen naturreservat blei verna i 2003 for å ta vare på ein av dei best utvikla askeskogslokalitetane i fylket med det naturlege plante- og dyrelivet. Området har betydning for biologisk mangfald og inneheld trua og sjeldne naturtypar.

Utvidinga er tilbydd av grunneigarane etter ordninga for frivillig skogvern. Området har eit areal på ca. 1.702 daa og er ei direkte utviding av eksisterande naturreservat. Utvidinga inneheld naturtypar som rik edellauvskog og kalkfuruskog. Utvidinga er i alle retningar for eksisterande verneområde og vil forsterke kvaliteten for heile skogsområdet med storleik og variasjon. Den velutvikla skogen med mykje daud ved i ulike nedbrytingsfasar er svært viktige for det biologiske mangfaldet. Ei freding her vil også sikre habitat for raudlista fugleartar. Totalt sett har utvidinga raudlisteartar innan fleire artsgrupper og framstår som eit svært viktig skogsområde å ta vare på. 

Hovudformålet med vern er å sikre biologisk verdfulle skogsområde som ein del av naturarven. Vern som naturreservat inneber den strengaste verneforma etter naturmangfaldlova, og konsekvensen er eit forbod mot alle tiltak som kan endre naturmiljøet. For meir informasjon, sjå lenka til høgre for verneframlegg med forskrift og kart.

Høyring

Det er ein føresetnad for vern at det vert inngått avtale om erstatning. Merknadar til verneforslaget sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, ev. på e-post sfmrpost@statsforvalteren.no

Fristen for å kome med fråsegn til høyringa er 03.01.2025.

Høyringsfrist:
3. januar 2025

Kontaktpersonar

Dokument