Høyring av vern av skog

Høyringsfrist:
15. april 2024 23:59
Kystfuruskog i Aure kommune. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren sender verneplan for ni verdfulle skogområde på høyring. Alle områda er tilbydd av grunneigarane etter ordninga med frivillig vern. Du kan kome med innspel til plana innan 15. april 2024.

Publisert 15.02.2024

Det er skogeigarforeininga Allskog som har formidla tilboda. Verneplana omfattar åtte nye naturreservat og utviding av eit eksisterande naturreservat fordelt frå nord til sør i fylket. Totalt gjeld tilboda om lag 18.000 dekar fordelt på åtte kommunar.

Dei nye naturreservata føreslått verna er:

  • Høgefloget ved Grodås, Volda kommune
  • Båtneset ved Sulesund, Sula kommune
  • Grøtsura ved Vatne, Haram kommune
  • Fløystaddalen, Tingvoll kommune
  • Viromdalen, Sunndal kommune
  • Dalan i Nordmarka, Surnadal kommune
  • Hala i Todalen, Surnadal kommune
  • Husbyfjellet på Ertvågsøya, Aure kommune

Området føreslått utvida er:

  • Skinstadreset naturreservat ved Digerneset, Ålesund kommune

Føremål med vernet

Skogvernet skal bidra til at ingen artar og naturtypar vert utrydda og at eit representativt utval av norsk natur blir bevart for kommande generasjonar. Nær halvparten av alle truga artar lever i skogen, og dei aller fleste av desse er knytt til den gamle og relativt upåverka skogen. Veldig mange artar av insekt, sopp og fugleartar er avhengig av gammal skog og daud ved. Vern er eit viktig tiltak for å ta vare på eit representativt utval av ulike skogtypar og sikre leveområda for artar og naturtypar i norsk skog. Skogvern er derfor eit viktig og prioritert tiltak for å bevare norsk naturmangfald. Stortinget har vedteke eit mål om å verne 10 % av skogarealet i Norge.

Områda i denne høyringa omfattar mellom anna naturverdiar knytt til rike, varmekjære edellauvskogar i på Sunnmøre og grov, gammal kystfuruskog med særleg sjeldsynt artsmangfald knytt til vedbuande sopp i Aure. To av framlegga i Sunndal og Tingvoll gjeld litt større, samanhengande skogområde der verneverdi også går på å forbetre tilstand i økosystema knytt til skogen. I framlegga til vern er det fleire raudlista naturtypar og ei rekke raudlista artar. Eit vern her vil difor bidra til oppfylling av miljømål om å ikkje utrydde artar og naturtypar og sikre variasjonsbreidda i verneområda.

Styva alm Sulesund.jpg

Styva alm i Sula. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

 

Høyringsdokument og nærare informasjon om områda

Alle dokumenta i høyringa om områda finn du i margen til høgre på denne sida.

I høyringsdokumentet finn du utfyllande informasjon om områda, mellom anna kva verneverdiar som finnast der, vurdering av andre interesser og merknadar til oppstart. I høyringsdokumentet finn du også forslag til verneforskrift som seier noko om restriksjonsnivå og bruk av område. Føreslått avgrensing kan du også finne i www.naturbase.no.

Slik kan du påverke

Fråsegn til verneplanarbeidet kan sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, ev. på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 15.04.2024.

 

Kontaktpersonar

Hege Steigedal tlf: 71 25 84 80/456 69 848

Marita Fjelle tlf: 71 25 84 61

Ola Betten tlf: 71 25 84 76/951 11 767