Korleis handtere stråleskade? Rettleiar for legar
Korleis skal legar handtere pasientar dei mistenker har stråleskade? Helsedirektoratet har laga ein rettleiar for kommunelegar og fastlegar.
Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) og Nasjonal behandlingstjeneste for CBRNE-medisin (CBRNE-senteret ved Oslo universitetssykehus) har utarbeidd rettleiingsmateriell til legar om handtering av pasientar der dei kan mistenke stråleskader. Rettleiaren er publisert på Helsedirektoratet sin nettside, Stråleskade – veiledning til leger ved mistanke om akutt stråleskade - Helsedirektoratet, og i Helsebiblioteket.
Om stråleskade
I rettleiaren blir det gitt informasjon om kva akutt stråleskade er, når ein mistenker stråleskade, kva for forholdsreglar helsepersonell skal ta, kven behandlande lege skal kontakte og kva for informasjon legen skal gi til pasienten. Eit avsluttande kapittel gir meir utdjupande informasjon om symptom og teikn på stråleskader.