Aukra gjer ein god jobb med medisindispensarar

Statsforvaltaren konkluderer med at heimetenesta i Aukra gir trygge og gode tenester i sin bruk av medisindispenser.

Publisert 24.05.2024

Statens helsetilsyn har initiert eit landsomfattande tilsyn av om heimebuande pasientar over 65 år får forsvarleg administrasjon av legemidlar, med bruk av medisindispenser.

Medisindispensere skal varsle pasienten om at medisiner skal tas, ved forhåndsinnstilte tidspunkt, slik at dei får rett medisin til rett tid.

Det er kommunene som har ansvar for å legge til rette for og følge med på slik helsehjelp. Tilsynet er derfor i kommunane, og det er Statsforvaltaren som gjennomfører tilsynet.

Dette vert undersøkt

I tilsynet undersøker Statsforvaltaren om:   

  • val av medisindispenser skjer ut ifrå vurdert eignaheit 
  • pasienten får opplæring i bruk av medisindispenser 
  • helsetenesta følger med på medisindispenser som tiltak

Tilsynet viste

I Aukra vurderer dei om pasienten er eigna til å få dispensar. Dei har opplæring av pasienten før dei startar med å bruke dispensaren. Kommunen sin heimeteneste følger også jamleg opp om medisindispenser framleis er eit eigna tiltak, eller om bruken må endrast eller avsluttast.

Skal ha tilsyn i tre kommunar

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal fann ikkje lovbrot under tilsynet i Aukra. Til hausten skal Ørsta og Sykkylven kommune få same tilsyn.

Kontaktpersonar