Ekstrem varme kan verke inn på alle si helse og på helse- og omsorgstenester

Ein person tar ei pille med eit glas vatn.
Fylkeslege Karin Müller Mikalesen oppmodar sårbare personar til å tenke over korleis dei kan førebu seg på intens sommarvarme. Ho meiner også at kommunane gjerne kan lage planar for slike tilfelle. Foto: Shutterstock/Anita Grønland.

– Vi må alle tilpasse oss varme tider. Særleg gjeld dette personar som bruker ulike medisinar, personar som er sårbare for varme, og også kommunane som har ansvar for desse, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.    

Publisert 06.06.2024

Ho oppmodar sårbare personar til å tenke over korleis dei kan førebu seg på intens sommarvarme. Ho meiner også at kommunane gjerne kan lage planar for slike tilfelle.

– Planane bør omfatte både institusjonane og heimebuande personar som mottar tenester, seier fylkeslegen.

Ho viser til helsedirektoratet si nettside for publikum, HelseNorge, som har ei temaside om heteslag og råd ved hetebølgjer: Heteslag - Helsenorge.

Fare for å bli overoppheta

– Det er viktig å vere kjent med symptoma på å vere overoppheta, seier Müller Mikaelsen.

Ho fortel at enkelte grupper er særleg utsette for skade og død ved hetebølgjer: skrøpelege eldre, personar med demenssjukdom, personar med alvorlege kroniske sjukdomar, til dømes hjarte- og karsjukdomar og personar som bur under dårlege sosiale forhold.

Medikament kan bli påverka av ekstrem varme

Fylkeslegen seier at personar som er avhengig av medisinar bør vere obs på at nokre legemiddel kan få endra effekt på grunn av høge temperaturar.

– Alle som tar medisin bør orientere seg om ekstrem varme kan ha uheldig effekt ha på legemidla deira. Informasjon om oppbevaring står i pakningsvedlegg. Vi oppmodar også kommunane til å ha retningslinjer for korleis dei skal oppbevare medikament i periodar med ekstrem varme, seier fylkeslegen.

Ho seier at visse medisinar kan ha ein negativ effekt på personar sin varmetoleranse. Kroppens reaksjon på varmen kan også nokre gongar endre, og/eller forsterke, effekten av visse medisinar, til dømes medikamentplaster.

– Slik kunnskap bør også bli tematisert i kommunen sine planar, seier fylkeslegen.

Behov for ekstra personell om sommaren

Kommunane har ofte utfordringar med å finne nok personell i ferietider. Fylkeslegen oppmodar kommunane til å samarbeide om oppgåver internt i kommunen og eventuelt også over kommunegrenser.

– Det er også viktig å gi ungdom, og personar som er i tenesta under medhjelparbestemminga, nødvendig opplæring, rettleiing og oppfølging. Dei må også få kjennskap til dei ulike verknadane varmen kan ha på personar og på korleis tenestene eventuelt må bli tilpassa dette, understrekar ho.

Karin Müller Mikaelsen seier kommunane også kan vurdere å kontakte lokale Nav-kontor, dersom dei slit med å bemanne tenestene gjennom sommaren. Nav har oversikt over ledig helsepersonell.