Reforma «Bu trygt heime» har som mål å bidra til at eldre kan bu trygt heime, og at behovet for omsorgstenester blir utsett gjennom betre planlegging, førebygging og meir målretta tenester.
Satsinga er tverrfagleg og har fire innsatsområde:
- levande lokalsamfunn
- bustadtilpassing og planlegging
- kompetente og myndiggjorte medarbeidarar
- tryggleik for brukarar og støtte til pårørande
Alt det gode arbeidet som er gjort i «Leve heile livet», blir vidareført inn i «Bu trygt heime». Helsedirektoratet jobbar med ein nasjonal handlingsplan for korleis fleire eldre kan bu trygt og godt i eigen bustad lengst mogleg.
I mai 2018 kom kvalitetsreforma “Leve hele livet” som har fokus på å skape eit meir aldersvenleg Norge. Tidlegare reformer har ofte handla om system. Leve heile livet handlar om menneske. Med denne kvalitetsreforma er målet å få ei meir gjennomgåande og lik helseteneste, uavhengig av kva kommune ein bur i.
Leve heile livet vart fasa ut i 2023. No er det reforma Fellesskap og meistring — Bu trygt heime som gjeld.
Statsforvaltarane har ikkje fått oppdrag i denne reforma enno. Helsedirektoratet jobbar med ein nasjonal handlingsplan.
Reforma har fem innsatsområde:
- Eit aldersvenleg Norge
- Aktivitet og fellesskap
- Mat og måltid
- Helsehjelp
- Samanheng og overgang i tenestene