Val av anna skriftspråk

Opplæringslova § 3-1 tredje ledd opnar for at når minst ti elevar på eitt av trinna 1 til 10 i ein kommune ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn det som er vedtatt for skolen, har dei rett til å bruke og få opplæring på dette skriftspråket i ei særskild gruppe.

Publisert 14.11.2024

Denne retten er i ny lov utvida til å gjelde 1. – 10. trinn. I gamal lov gjaldt den berre for 1. – 7. trinn.

Statsforvaltaren har fått  spørsmål frå ein kommune om retten til opplæring på anna skriftspråk berre vil gjelde i norskfaget, eller om det vil vere nødvendig å opprette ei eiga klasse som får undervisning i fleire fag.

Vi har bede Utdanningsdirektoratet om ei avklaring om dette. Utdanningsdirektoratet svarar:

«I merknaden til regelen går det fram at retten til opplæring i «særskild gruppe» betyr at desse elevane er i ei klasse der alle elevane har det same skriftspråket. Vidare står det at formålet med retten er å gi elevar med eit anna skriftspråk enn flertallet opplæring i sitt eige skriftspråk. Regelen skal likevel ikkje vere til hinder for at elevene kan få «mindre delar av opplæringa i ei anna gruppe, til dømes i enkeltfag eller ved ulike fellesarrangement ved skolen, så framt dette ikkje bryt med formålet med regelen.»


Statsforvaltaren legg til grunn at dette betyr at viss talet på elevar som ønskjer eit anna skriftspråk enn det skulen har som hovudmål, er stort nok, har desse rett til å gå i eiga klasse.

Vi viser også til "Opplæringsspråk og talemål i skolen" på nettsidene til Utdanningsdirektoratet. Sjå lenke i høgre marg.

Vi ber om at kommunane merker seg dette.