Nytt skoleår og ny opplæringslov
Her finn du som er skoleleiarar, lærar eller tilsett i grunn- og vidaregåande opplæring webinar og informasjon i møte med ny opplæringslov.
- Bruk gjerne webinara våre om skolemiljø og spesialundervisning for å bli oppdatert, og i utviklingsarbeid!
- På denne sida finn du og litt informasjon om endringar på Utdanningsdirektoratet sine nettsider etter ny opplæringslov.
- Du finn også informasjon om aktuelle samlingar i haust.
Skolemiljøet til elevane i ny opplæringslov - kapittel 12
Regelverket som er knytt til elevane sin rett til eit trygt og godt skolemiljø, vert vidareført med nokre få endringar i ny opplæringslov.
Kva som er endra og kva som blir vidareført får de kjennskap til i webinaret:
På udir.no er rundskrivet om skolemiljø endra:
Endringane av spesialundervisning - kapittel 11
Omgrepet «spesialundervisning» er endra i den nye opplæringslova. I dette webinaret får du kjennskap til dei viktigaste endringane på området:
Utdanningsdirektoratet har oppdatert «Veilederen Spesialundervisning»:
Endringar på udir.no etter ny opplæringslov
Utdanningsdirektoratet har laga ei side der du kan du lese kva for endringar du kan finne på udir.no som følgje av ny lov og nye forskrifter.
Dei har også laga ei ny side som informerer om mykje av det som er nytt i vidaregåande opplæring.
De finn også ei side der rettleiingar og rundskriv er samla. Her finn de informasjon om kva regelverket seier om fråværsgrensa og plikta til å følgje opp fråvær.
Regelverkssamling og fagsamling
Statsforvaltaren planlegg tre konferansedagar i haust 19.- 21. november.
Målgruppe er kommunane, fylkeskommunen, private skolar, PPT, skolefagleg ansvarlege på kommunenivå, skoleeigarar og skoleleiarar m.fl.
Tre konferansedagar for barnehage og skole | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Vi ønskjer lukke til med oppstarten av nytt skoleår!