Ungdom som nyleg har kome til Norge og skal søke om vidaregåande opplæring innan 1. februar
Det er viktig at tenestene som er i kontakt med dei nykomne hjelper til med å formidle informasjon til ungdomane.
Publisert 09.01.2024
Elevar med idividuelle behov skal søke vidaregåande opplæring innan 1. februar.
Dette gjeld blant anna elevar med vedtak om særskilt språkopplæring og ungdom som nyleg har kome til Norge. Nykomne ungdomar som ikkje er i opplæring kan ha ekstra behov for informasjon og rettleiing til å søke.
Det er viktig at tenestene som er i kontakt med ei nykomne hjelper til med å formidle informasjon til ungdomane.
Les meir om søknad til vidaregåande opplæring som nykomne elevar. (Udir)