Fritak frå vurdering med karakter i framandspråk i vgo

Høvet til å søke om fritak frå vurdering i framandspråk er heimla i ny opplæringsforskrift § 9-22 og privatskoleforskrifta § 6-22. Det er Statsforvaltaren som avgjer søknader om fritak frå vurdering i framandspråk for elevar som går eller har gått på studieførebuande utdanningsprogram.

 

Eit eventuelt fritak vil ikkje omfatte fritak frå opplæring i faget. Elevar som får innvilga fritak frå vurdering skal difor delta i opplæringa i framandspråk. Ordninga omfattar ikkje engelsk eller framandspråk i programfag. 

 

Kva vilkår må vere oppfylte for å ha rett til fritak frå vurdering med karakter? 

Ein elev, eller tidlegare elev, på studieførebuande utdanningsprogram har rett til fritak frå vurdering med karakter i faget framandspråk dersom eleven oppfyller følgande vilkår:  

  • Eleven har dysleksi eller spesifikke språkvanskar, eller dokumenterte vanskar som ligg nær opp til dysleksi eller spesifikke språkvanskar når det gjeld konsekvensar for eleven i faget.
  • Vanskane er av ein slik grad at individuell tilrettelegging ikkje er eller var tilstrekkeleg for å sikre likeverdige opplæringsmoglegheiter. 

Eleven må oppfylle begge vilkåra over for å oppfylle krava til fritak.  

 

Det betyr at eleven anten må ha: 

  • Vedtak om individuell tilrettelegging i framandspråk frå ungdomsskolen og/eller vidaregåande opplæring fordi eleven har vanskar i ein slik grad at individuell tilrettelagt opplæring ikkje er tilstrekkeleg for å sikre likeverdig opplæring i faget.   

eller 

  • Uttale frå sakkunnig instans - PPT eller tilsvarande. I uttalen må det gå fram at tiltak gjennom individuell tilrettelegging i framandspråk ikkje vil føre til at eleven får eit tilfredsstillande utbyte av opplæringa fordi eleven i ein slik grad er ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar. Det kan også gjelde  andre dokumenterte vanskar som ligg nær opp til dysleksi eller spesifikke språkvanskar, når det gjeld kva konsekvensar vanskane har for eleven i språkfaget. 

 

Kva dokumentasjon må leggast ved søknaden? 

  • Stadfesting frå skolen om at eleven er/ har vore elev på studieførebuande utdanningsprogram, kva framandspråk eleven tek og årstrinn.   
  • Dokumentasjon/uttale frå eleven sin skole/faglærar om tilrettelegginga eleven har fått, og ei vurdering av effekten av tilrettelegginga. 
  • Dokumentasjon frå Pedagogisk-Psykologisk teneste (PPT) eller andre sakkunnig instans om at eleven har dysleksi, spesifikke språkvanskar eller andre vanskar som gir likearta konsekvensar i språkfaget, og graden av desse vanskane. 
  • Vedtak/utsegn om individuell tilrettelegging i framandspråk, eller ein uttale frå sakkunnig om at det er klart at tiltak gjennom individuell tilrettelegging i framandspråk ikkje vil føre til at eleven får eit tilfredsstillande utbyte av opplæringa. 

 

Korleis søker eleven? 

Eleven kan sjølv søke til Statsforvaltaren om fritak. Vi rår likevel til at søknaden med vedlegg vert sendt gjennom skolen. Dette er for å kvalitetssikre søknaden og gje skolen ei oversikt over talet elevar som søker. Dersom skolen søker på vegne av eleven, må vi få fullmakt frå eleven dersom ikkje hans/hennar søknad er lagt ved. 

Vi har ikkje et eige søknadsskjema. Bruk gjerne vår elektroniske løysing for innsending av sikre meldingar. Sjå lenke i høyre marg.