Barnehage og opplæring

Barn med PC (illustrasjonsfoto).
Barn med PC (illustrasjonsfoto). Foto: Pixabay.
Oppdatert 13.08.2024

Barn og unge har rett til ei god utviklings- og opplæringstid frå barnehagealder til fullført vidaregåande opplæring.

  • Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass. Barnet kan få plass i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage.
  • Barn og unge har plikt og rett til ei tiårig grunnskuleopplæring frå dei fyller seks år, og rett til å få denne finansiert av det offentlege. Det er kommunane som har ansvaret for grunnskuleopplæringa.
  • Dei som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring. Retten til vidaregåande opplæring varer fram til du har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse. Dette er nye reglar som gjeld frå 1. august 2024 når ny opplæringslov trer i kraft. Det er fylkeskommunen som har ansvar for opplæring på vidaregåande skule.

Statsforvaltaren gjennomfører tilsyn og behandlar klagar

Statsforvaltaren skal informere og rettleie innbyggjarar og eigarar av barnehagar og skular etter opplæringslova, privatskulelova og barnehagelova med tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren er også klageinstans for enkeltvedtak på desse områda og fører tilsyn etter opplæringslova og barnehagelova.

Tilskot til skular og barnehagar

Det er i hovudsak skule- eller barnehageeigaren og kommunane som har rett til offentlege tilskot. Statsforvaltaren har oppgåver knytte til kontroll, klage og oppfølging av slike tilskot.

Vis meir


14.11.2024

Val av anna skriftspråk

Opplæringslova § 3-1 tredje ledd opnar for at når minst ti elevar på eitt av trinna 1 til 10 i ein kommune ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn det som er vedtatt for skolen, har dei rett til å bruke og få opplæring på dette skriftspråket i ei særskild gruppe.


11.11.2024

Redusert foreldrebetaling for skolefritidsordninga på grunn av låg inntekt

Statsforvaltaren har fått spørsmål frå ein kommune om ei problemstilling rundt §§ 2-2 og 2-4 i opplæringsforskrifta.


23.10.2024

Barnehagekonferansen feirer 20 år som fagleg møteplass

Gjennom to tiår har konferansen vore ein viktig fagleg møteplass for kunnskapsdeling og fagleg utvikling i barnehagesektoren. Jubileumskonferansen har fått tittelen «Gi meg tid».


02.09.2024

Tre konferansedagar for barnehage og skole

Velkommen til Molde 19.-21. november! Tema er kompetanseordningar, barnehage- og skolemiljø, spesialpedagogikk og ny opplæringslov.


14.08.2024

Nytt skoleår og ny opplæringslov

Her finn du som er skoleleiarar, lærar eller tilsett i grunn- og vidaregåande opplæring webinar og informasjon i møte med ny opplæringslov. 


01.08.2024

Ei opplæringslov for vår tid

Når barn og ungdom kjem tilbake til skulen i august, er det ei ny og oppdatert lov som gjeld. Den nye opplæringslova er tilpassa vår tid.


07.06.2024

Om klage på standpunktkarakterar i grunnskolen 2024

I denne rettleiinga vil Statsforvaltaren i Møre og Romsdal klargjere kva som er forventa av alle involverte partar i handsaminga av klage på standpunktkarakter. Vi håper dette vil tydeleggjere kva oversendinga frå skolane skal innehalde, slik at vi får ei god og effektiv sakshandsaming. 

           Bruk skjema i høgre marg!


03.06.2024

Skolemiljøet til elevane i ny opplæringslov - webinar om kapittel 12

Regelverket som er knytt til elevane sin rett til eit trygt og godt skolemiljø, vert vidareført med nokre få endringar i ny opplæringslov. I webinaret får du kjennskap til kva som blir endra, og kva som blir vidareført.


25.04.2024

Webinar om endringane av spesialundervisning i ny opplæringslov - kapittel 11

Omgrepet «spesialundervising» er endra i den nye opplæringslova. I Webinaret får du kjennskap til dei viktigaste endringane på området.


27.02.2024

Retten til vidaregåande opplæring for ungdom som bur i mottak

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til vidaregåande opplæring for alle som er busett i fylkeskommunen, også i mottak.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel