0-24samarbeidet

0-24-samarbeidet er ei felles satsing for fem departement for betre oppfølging av utsette barn og unge. Det overordna målet for samarbeidet er at færre barn og unge fell utanfor og at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring og kan forsørge seg sjølv gjennom arbeid.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.04.2018

Prosjektet er eit samarbeid mellom Kunnskaps- og integreringsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet.

I tillegg har etatsdirektørane i Utdanningsdirektoratet, NAV, Bufetat, Helsedirektoratet og IMDi  underteikna ei felles programerklæring og er med i satsinga. Prosjektet varer fra 2015 til 2020.

Fylkesmannen har ei viktig rolle som samordningsorgan. Derfor har også vi eit oppdrag i dette arbeidet på tvers av departementer og direktorat. Vi skal vere pådrivar for at kommunane utviklar eit heilskapleg og samordna tilbod til barn og unge.

Målet er å tilby tjenester som trekk i same retning og at ulike fagområde, på tvers av tenestene, utfyller kvarandre og skapar synergi. Det krev at kommunane har system og haldningar for å sjå og høyre, slik at dei kan gripe tidleg inn og finne gode løysingar saman, samt følge opp barn og unge over tid.

I Møre og Romsdal har vi  organisert oppdraget som ein del av vår satsing "Betre oppvekst". Arbeidet er forankra i embetet si leiargruppe, som og er styringsgruppe. I tillegg er alle avdelingane representert i ei samordningsgruppe som møtast jamnt.