Vellukka skogsamling

Fylkesmannen arrangerte den årlege skogsamlinga for kommunane i Surnadal 16-18. februar. I tillegg til kommunane vert også næringsorganisasjonane(Allskog og Nordtømmer) og andre som arbeider med skogbruk i fylket invitert. Dette gjorde at alle som arbeider med skog i fylket vart samla.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.03.2016

Under samlinga gikk vi gjennom skogbruksaktiviteten føregåande år, og vi gjekk gjennom nytt regelverk/retningsliner for komande år. PEFC Norge, ved Thomas Husum gikk igjennom dei nye reviderte standardane knytt til sertifiserte tømmerkjøparar. Det er til saman 27 dels omfattande  kravpunkt dei må drive skogbruk innanfor. Vi var naturlegvis opptekne av kva det betyr for vårt fylke. Jørn Lileng frå Landbruksdirektoratet hadde ein gjennomgang av den nye forskrifta om planlegging og godkjenning av landbruksveier. Det var bl.a. fleire hjelpemiddel å nytte seg av ved forvaltning av forskrifta. Lileng hadde òg ei oppsummering av korleis forvaltninga skulle forholde seg til PEFC-standardene og lovverket. Under samlinga besøkte vi Møretre i Talgøkonsernet. Her fekk vi bl.a. sjå og høyre om produksjon av MøreRoyal.

Skogsamlinga er ein viktig møteplass, både fagleg og sosialt for dei som arbeider med skogbruk i Møre og Romsdal.

Du kan laste ned presentasjonane brukt under samlinga i kolonna til høgre.