Umoe Sterkoder har rydda opp

Umoe Sterkoder AS i Kristiansund er den fyrste skipsverftslokaliteten i Møre og Romsdal som har rydda opp i forureiningar på land. Etter ei nasjonal kartlegging av forureining av sjøbotn utanfor aktive og nedlagte skipsverft, fikk 17 eigedommar pålegg frå Fylkesmannen om å gjere nærare gransking av forureininga på land og i sjø.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.11.2013

Granskinga skulle vise om det var naudsynt å gjere tiltak for å stoppe spreiing av miljøgiftar i sjø og på land. For 12 av lokalitetane var det behov for tiltak på land. Umoe Sterkoder AS på Dale Industripark i Kristiansund er den fyrste som har gjennomført tiltak på land.

-Stjerneeksempel
-Det er svært gledelig at Umoe Sterkoder no har sikra eigendomen i forhold til spreiing av miljøgiftar. Oppryddinga, saman med utfylling og opparbeiding av nye areal, vil føre til verdiskaping på eigendomen. Dette er eit stjerneeksempel på at opprydding kan lønne seg både for miljøet og for utvikling av eigendomen, seier overingeniør Anne Melbø hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fekk pålegg
Fylkesmannen påla Umoe Sterkoder AS å utarbeide tiltaksplan for forureina landområdar 29.08.2011. Deler av oppryddinga blei gjennomført i perioden 13. desember 2012 til 2. januar 2013. Då blei 180 m3 med forureina masser fjerna frå eigedomen. Etter dette sto det igjen eit område nede ved kaia som ikkje var sikra. No er dei forureina massane her isolert med duk og sandmasser. Til slutt skal det støypast fast dekke over området.

Mykje igjen i Dalasundet
Men det er framleis langt fram før Dalasundet er reint.
 -Det står enda igjen mykje arbeid før ein kan starte å sjå på korleis tiltak som kan gjerast i den svært forureina sjøbotn i Dalasundet. Før ein kan gjere tiltak i sjø, må alle aktive kjelder på land være stansa. No er i alle fall ei aktiv kjelde på land stansa, så dette er eit lite skritt i riktig retning, seier Melbø.

Aktuelt

Det er et nasjonalt mål å sikre god økologisk og kjemisk tilstand i vannforekomstene innen 2021. Fylkesmannen har flere roller i arbeidet med vannforvaltningsplanlegging.

Fylkesmannen har en sentral oppgave innenfor opprydding i forurensede sediment og arbeidet med grunnforurensning.