Sau beiter på Veøya i sommar

I fleire år har det gått sau på vinterbeite i Veøy landskapsvernområde. Saman med slått på innmarka har beitet vore med å opne opp landskapet på øya. For første gong skal sauene no i år fortsette innsatsen også om sommaren.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.05.2013

Sidan yngre steinalder har det vore jordbruksaktivitet på Veøya meir eller mindre samanhengande fram til siste verdskrig.

Rundt 1900 var prestegarden sjølforsynt med det meste. Det vart dyrka frukt, bær, grønsaker og dyrefôr. På garden fantes det kyr, sauer, griser og høner. Sauene og kyrne beita på innmarka i starten på sesongen, og gikk seinare i utmarka og på Hangholmen. Innmarka vart slått ein gong i året, med unnatak av Sørvågattlega som vart slått fleire gonger. Det var nok fôr på innmarka, og det var derfor ikkje behov for å slå i utmarka.

Etter siste verdskrig flytta dei siste fastbuande frå øya, og det vart slutt på gardsdrifta. Da begynte attgroinga av kulturlandskapet på Veøya. I nokre periodar har areala vore leigd ut til beite, og i andre periodar har graset vorte slått innimellom. Frå 1978 vart ikkje området skjøtta på fleire år. Dei siste åra har innmarka vorte slått fleire gonger i sesongen, og det har gått sau på vinterbeite her. Dette har ført til at kulturlandskapet har vorte mykje meir ope. 

I år vil sauene fortsette innsatsen med å halde kulturlandskapet ope også på sommaren. Sauen er med å halde oppslag av busk og kratt nede, og effekten vil bli enda betre om dei også beiter om sommaren.

På Veøya har det tidligare vore mykje flått. Etter at kulturlandskapet vart opna opp har det vorte mykje mindre av dei. Et forskingsprosjekt som Universitetet i Agder no har sett i verk, viser at fjerning av vegetasjon verker bra mot flått, ettersom det truleg er uttørking som er flåtten sitt svake punkt. Når eit område gror igjen blir det meir skygge og skjul, og flåtten trivst betre. Sauene som beiter på Veøya blir behandla mot flått, og resultat frå Agder viser at det blir mindre flått i beiteområder med flåttbehandla sau.

Sauene er av typen gammelnorsk sau, også kalla villsau. Rasen er normalt ganske sky, og unngår kontakt med folk. Saueeigaren klarer å lokke dei til seg, men vi andre skal ikkje prøve på det. Det er best om sauene fortsetter å være sky, slik at de held seg litt unna når det er folk på besøk på øya. Det er no født mange lam, og da er dyra ekstra sårbare. Det er derfor veldig viktig at hundar blir heldt i band heile tida.  

I år skal sauen beite på Veøya heile året for første gong. Vi håper at folk og sau kan bruke områda i harmoni med kvarandre, og at både to- og firbeinte får mange fine opplevingar på Veøya i sommar.