Vidareutdanning av lærarar studieåret 2013/2014

Utdanningsdirektoratet sin søknadsfrist for lærarane er 15. mars. Skoleeigarane sin frist for å godkjenne søknadene, samt melde behov om midlar til Fylkesmannen, er 15. april.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.02.2013

Fylkesmannen viser til Utdanningsdirektoratet (Udir) sitt brev til skoleeigarane, datert 01.02.2013: «Informasjon om søknadsprosedyrer og tildeling av midler til videreutdanning for lærere og rektorutdanningen i studieåret 2013/2014».  Både dette brevet, samt informasjon om vidareutdanning for lærarar – med søknadsprosedyrar, studietilbod, finansiering, m.m. finn du på Udir si heimeside: www.udir.no/videreutdanning.

 Lærarar i grunnskole, vidaregåande opplæring og i grunnopplæring for vaksne kan frå 01.02.13 søkje om  vidareutdanning etter den nasjonale strategiplanen «Kompetanse for kvalitet 2012-2015».                     For studieåret 2013/14 kan lærarane velje mellom 84 studietilbod i nasjonalt prioriterte fag/område (frikjøpte studietilbod) ved 26 studiestader over heile landet.

Prioriterte fag/område er norsk, samisk, matematikk, engelsk, leseopplæring, rådgiving, andrespråkspedagogikk, mat og helse, kroppsøving, musikk, kunst & handverk, samt ulike område innan vidaregåande opplæring, inkl. yrkesfag. Nytt nasjonalt tilbod frå hausten 2014 er skoleleiing for lærarar i heile grunnopplæringa, som m.a. blir gitt både ved Høgskulen i Sogn & Fjordane og ved NTNU.

 Høgskulen i Volda har fått to nasjonale studietilbod: «Leseopplæring 1» for lærarar i grunnskolen og «Andrespråkspedagogikk» for lærarar i  yrkesfaglege utdanningsprogram».

 I tillegg til dei frikjøpte studietilboda, kan lærarar søkje på andre studietilbod/andre studiestader. Læraren må då både søkje i det elektroniske søknadssystemet til Udir, samt søkje den enkelte utdanningsinstitusjon om plass. I tillegg til vikarutgifter vil evt. studieavgifter også bli dekt, men ikkje vanleg semesteravgift.

 Viktige datoar i 2013:

15. mars: Søknadsfrist for lærarar

Elektronisk søknadsskjema på www.udir.no/videreutdanning for både frikjøpte og andre studietilbod .

Hugs at du må ha rektor si godkjenning for å søkje.

15. april: Frist for skoleeigar å godkjenne søknader, samt  melde behov  for midlar til Fylkesmannen

Frå 15. mars til 15. april må skoleeigar elektronisk godkjenne eller avslå den enkelte lærar sin søknad.

Innan 15. april må skoleeigar sende søknad om vikarmidlar, evt. også studieavgift, i prioritert rekkefølgje til Fylkesmannen.

31. mai: Frist for Udir til å fordele studieplassar

Innan 31. mai vil den enkelte skoleeigar kunne logge seg på systemet og sjå kva søknader som er innvilga frå Udir.

Medio juni: Skoleeigar får tilsegnsbrev  frå Fylkesmannen

Tilsegn om vidareutdanningsmidlar vil gjelde for både hausten 2013 og våren 2014.

15. september: Frist for skoleeigar å stadfeste studiedeltaking til Fylkesmannen

Ved fråfall eller endringar før 15. september, skal skoleeigar melde frå til Udir om dette.

Innan 15. september skal skoleeigar stadfeste den enkelte lærar si studiedeltaking til Fylkesmannen.

Ved evt. endringar frå juni, vil skoleeigar få eit revidert tilsegnsbrev for heile studieåret.

Etter 15. september: Skoleeigar skal melde fråfall eller endringar både til Fylkesmannen og til den aktuelle utdanningsinstitusjon

Evt. konsekvensar for tildelte midlar og studieplassar, er det Fylkesmannen som avgjer.

15. oktober: Frist for Fylkesmannen å utbetale midlane for hausten 2013

Dersom det skjer endringar  før  15. oktober, vil den aktuelle skoleeigar få utbetalt midlane etter eit revidert tilsegnsbrev for 2013/14.

Dersom det skjer endringar etter 15. oktober, kan det evt. bli aktuelt å krevje tilbakebetalt delar av midlane for hausten 2013.

Våren 2014:  Refusjonskrav  og utbetaling av midlar for vårhalvåret, samt rapportering for studieåret 2013/14

Nærare informasjon om dette vil bli gitt seinare