Nettverk for berekraftige bygg i Møre og Romsdal 01.-02. november 2017
- Dato:
- 1. november 2017 12:00 - 2. november 2017 13:30
- Stad:
- Scandic Lerkendal, Trondheim
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal, NHO Trøndelag, NHO Telemark
- Målgruppe:
- Sjå lenger ned, eller i invitasjonsbrevet
Tredrivaren i Møre og Romsdal inviterer til nettverk for berekraftige bygg i Møre og Romsdal.
Tid: 1.-2. november 2017
Stad: Scandic Lerkendal, Trondheim
Målgruppe: Alle som er involverte i planlegging og bygging av offentlege bygg i Møre og Romsdal, til dømes leiare for utbyggingsavdelinga/ eigedom /kommunalteknikk, rådmenn og politikarar, andre administrative representantar som er involvert i vedtaks-, innkjøps- og investeringsprosessar i kommunane.
På denne samlinga skal vi vere saman med tilsvarande nettverk frå Telemark og Trøndelag.
Føremål: Klima- og energiplanen for Møre og Romsdal har mål om å redusere klimagassutslepp med minimum 10 % innan 2020 basert på nivået i 2009. Eit av tiltaka for å nå målet er å auke bruken av tre som byggemateriale. Offentlege innkjøp er eit viktig verktøy for å nå dei nasjonale klimamåla, det kan gjerast gjennom innovative offentlege anskaffingar.
På samlinga skal vi sjå på konkrete eksempel på berekraftige bygg i tre og innovative anskaffingar.
Mål: Bidra til at fleire offentlege byggherrar bygger berekraftig ved å styrke kompetansen om tre som byggemateriale og innovative anskaffingar, samt etablera nettverk for kunnskapsdeling og felles kunnskapsbygging for å redusera klimagassutslepp frå offentlege bygg.
Økonomi: Samlinga er gratis. Reisa må deltakarane bestille og dekkje sjølv.
Påmelding: Påmeldingsfristen har no gått ut. Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05/71 25 84 99.
Stadfesting: Du skal ha motteke ei automatisk stadfesting direkte på din epost når påmeldinga blei gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.
- Dato:
- 1. november 2017 12:00 - 2. november 2017 13:30
- Stad:
- Scandic Lerkendal, Trondheim
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal, NHO Trøndelag, NHO Telemark
- Målgruppe:
- Sjå lenger ned, eller i invitasjonsbrevet
Kontaktpersonar
Lenkjer
Dokument
- Invitasjon og program Nettverk for berekraftige bygg i Møre og Romsdal 1.-2. november 2017
- Materialvalg - bruk av tre
- Skanska. Powerhouse Brattørkaia. Hvordan byger vi energipositive bygg?
- Innovative anskaffelser
- Jendem og Sylte skole i Fræna
- Sauland skule, Hjartdal
- Veidekke, berekraftige og innovative innkjøp
- SINTEF-Miljømål for bygg
- Sør-Trøndelag fylkeskommune. Utvikling av bærekraftige miljøbygg
- Treindustrien - Innovasjon og bærekraft