Kompetansenettverket lokalmat Øst sitt tilbod for 2025 er klart
Kompetansetilboda er retta mot lokalmatprodusentar og små serveringsstader eller reiselivsbedrifter med lokalmatprofil.
Kompetansetilboda for 2025 omfattar kurs, webinar, temadagar og faglege nettverk. Dette er ein spanande kombinasjon av teoretisk og praktisk opplæring som bidreg til å skape matnyttige nettverkskontaktar.
Besøksordninga med 10 – 15 timar gratis rettleiing er eit godt og etterspurt verkemiddel for å hjelpe den enkelte produsent med spesifikke utfordringar i eiga bedrift.
Kompetansetilboda kan ein lese meir om i handlingsplanen for 2025. På heimesidene hos Nofima og hos Kompetansenettverket lokalmat kan du også lese meir om tilboda som finst.
Kunnskap og samarbeid gjev den mest vellykka lokalmaten
Kompetansenettverket sine aktivitetar er viktig for å bygge kunnskap, tryggleik og forståing hjå målgruppene. Dette bidreg til å sikre gode og smakfulle produkt som er utgangspunktet for godt sal og god lønnsemd. Handlingsplanen baserer seg på tildelt ramme over Jordbruksavtalen for 2024-2025 på kr 3.600.000.
Kompetansenettverk lokalmat Øst har gjennom to tiår levert kunnskap om råvarer og foredling, produktutvikling, kvalitet og mattryggleik.
Statsforvaltaren i Innlandet er aktiv
Statsforvaltaren i Innlandet har god kontakt med kompetansenettverket og deltek aktivt i utvikling og marknadsføring av kompetansetilboda. Statsforvaltaren møter gjennom året både lokalmatprodusentar og mindre serveringsstader og reiselivsbedrifter der vi fangar opp behov og ønskjer for gjennomføring av kompetansetiltak. Webinar kan i enkelte tilfelle vera eit interessant tilbod i ein hektisk kvardag.
Statsforvaltaren i Innlandet er representert både i styringsgruppa og samarbeidsgruppa for Kompetansenettverk lokalmat Øst.