Kurs for nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning
- Dato:
- 1. juni 2022 09:30 - 14:30
- Sted:
- Statsforvaltaren i Innlandet, Gudbrandsdalsvegen 186, Lillehammer
- Arrangør:
- Eining for Jord og mat og eining for Skog og trebruk
- Målgruppe:
- Nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning i åra 2020 - 2022
- Påmeldingsfrist:
- 20. mai 2022 23:59
Endeleg kan vi invitere til fysisk møte hos Statsforvaltaren på Lillehammer for å bli betre kjende med kvarandre. På grunn av korona og på grunn av samanslåing, ombygging av lokala og flytting hos oss, har vi ikkje hatt kurs for nye tilsette på fleire år.
Målgruppe er nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning i perioden frå 2020 til 2022 og andre interesserte, som arbeider med jord, skog, klima/miljø og utmark.
I løpet av dagen vil vi ta opp kva som er Statsforvaltaren sine roller og oppgåver, og korleis vi er organisert. Elles har vi lagt opp til ein bolk der deltakarane kan kome med ønske om tema, som til dømes ulike tilksotordningar eller lovspørsmål. Ved påmelding kan ein legge inn sine ønske. Det er også set av tid til uformell prat over kaffikoppen og ei kort omvisning i lokala våre.
Som ei alternativ løysing for dei som av ein eller annan grunn ikkje kan møte fysisk på Lillehammer denne dagen, er det mogleg å delta digitalt via Teams på programmet før lunsj. Kryss i tilfelle av for dette i påmeldingsskjemaet.
Vi gler oss til å bli betre kjende med alle nye som har begynt å jobbe med landbruksforvaltning i kommunane i løpet av dei siste åra og under koronatida!
Påmeldingsfrist er 20. mai.
Vel møtt!
- Dato:
- 1. juni 2022 09:30 - 14:30
- Sted:
- Statsforvaltaren i Innlandet, Gudbrandsdalsvegen 186, Lillehammer
- Arrangør:
- Eining for Jord og mat og eining for Skog og trebruk
- Målgruppe:
- Nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning i åra 2020 - 2022
- Påmeldingsfrist:
- 20. mai 2022 23:59