Forskrift om fiske etter anadrome laksefisk, fredning ved utløp av vassdrag, i sund og straumar, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1994-05-31-619
PublisertAvd II 1994 Nr. 5
Ikrafttredelse01.09.1994
Sist endretFOR-2017-05-08-554
EndrerFOR-1991-05-02-305
Gjelder forMøre og Romsdal
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§40
KorttittelForskrift om laksefiske, Møre og Romsdal

Fastsett av Fylkesmannen i Møre og Romsdal 31. mai 1994 med heimel i lov av 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk § 40 og delegering til Fylkesmannen av 27. november 1992. Endra med forskrifter 20 april 1999 nr. 459, 20 juni 2008 nr. 1677, 30 jan 2009 nr. 1080, 8 mai 2017 nr. 554.

§ 1.

1.Utanfor dei elvar som er nemnde nedanfor i pkt. 2, og kor det er fastsett særskilt grense for munningsfredningssone, er alt fiske etter laks og sjøaure frå båt forbode innanfor sona.

Likeeins er alt fiske innanfor munningsfredningssona med kastenot, snurpenot, drivgarn, settegarn og liknande reiskap, kilenot, krokgarn, botngarn, lakseverp og liknande innretning, samt oter og dorg forbode i tida frå og med 15. april til og med 30. september. Dorg er fiske frå båt i bevegelse med håndsnøre og fiskestong med reiskap som eignar seg for å fiske laks og sjøaure.

Forbodet i munningsfredningssone gjeld ikkje fiske med stang frå land i den tida det er lov å fiske etter sjøaure i nærliggande elv. I soner som omfattar fleire vassdrag følgjer fisketida med stang frå land fisketida for sjøaure i det strengast regulerte vassdraget, jf. forskrift 10. mai 2012 nr. 431 om fisketider for fiske etter anadrome laksefisk i sjøen § 2.

Forbodet gjeld heller ikkje fiske etter sild og brisling med landnot eller med nøter på minst 150 m lengde og 30 m djupne utsett av fiskarar oppført i fiskarmanntalet, og kor reiskapen i tillegg er sett ut frå fartøy som er registrert i merkeregisteret for norske fiskefartøy, jf. lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven). Dette unntaket gjeld ikkje for dei i pkt. 2 omtala sonene utanfor Eira i Nesset kommune, Henselva (Isa og Glutra) i Rauma kommune og Storelva i Nordangsfjorden, Ørsta kommune.

Forbodet gjeld heller ikkje for fiske med garn etter andre fiskeslag enn anadrom laksefisk når øvste kant av garna står på 30 m djup eller djupare, og ikkje noko del av reiskapen står nærare elvemunning – grense elv/sjø enn 500 m.

2.Fredningssonene omfattar følgande område:

Vanylven kommune

-Åheimselva:

I eit sjøområde utanfor Åheimselva, innanfor ei rett linje trekt frå Tueskjeret i sørvest til nes 450 m nordvest av Klungveholmen i nordaust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LP frå 178 835 til 179 838.

-Oselva (Syvde) og Nordalselva:

I eit sjøområde utanfor Oselva og Norddalselva, innanfor ei rett linje trekt frå utløp av Strandaelva i sørvest til punkt ved Eikrem, 500 m utanfor utløpsos til Norddalselva i nordaust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LP frå 288 889 til 301 898.

Sande kommune

-Vågselva og Myklebustelva:

I eit sjøområde utanfor Vågselva og Myklebustelva innanfor ei rett linje trekt mellom nes ved Knotten i sør til nes ved Leirvik i nord.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 244 039 til 244 043.

Hareid kommune

-Hareidsvassdraget:

I eit sjøområde utanfor Hareidselva, innafor ei rett linje trekt frå Åreneset ved Plassane i søraust til sydenden av kaia på Korsneset i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 478 185 til 468 200.

Ulstein kommune

-Haddalselva:

Eit sjøområde utanfor Haddalselva innanfor to rette liner til den austlege odden av Hestholmen, den eine frå eit punkt ved utløpet av Klungdalselva i sør og den andre frå eit punkt i strandkanten ved Haddalsura i nord.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ 364 092, 371 102, 377 089.

Volda kommune

-Kilselva/Kilspollen:

I eit sjøområde utanfor Kilselva, innanfor ei rett linje trekt frå utløpet av Støylselva i vest til Fugleneset i aust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LP frå 452 835 til 459 836.

-Steinsvikelva:

I eit sjøområde utanfor Steinsvikelva, innanfor ei rett linje trekt frå utløpet av Åmela i vest til utløpet av Bråkhamreelva i aust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LP frå 350 796 til 358 796.

-Austefjordelva (Fyrdselva):

I eit sjøområde utanfor Austefjordelva, innanfor ei rett linje trekt frå nes søraust for Leirvika i vest til nes 500 m nord for Fjørehammaren i aust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LP frå 591 851 til 599 850.

-Øyraelva:

I eit sjøområde utanfor Øyraelva, innanfor ei rett linje trekt frå sydvestligaste punkt på Andeneset i søraust til sydvestre hjørne av Volda fergekai i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LP frå 476 925 til 470 939.

Ørsta kommune

-Ørstaelva:

I eit sjøområde utanfor Ørstaelva, innanfor ei rett linje trekt frå austre hjørne i kaien til Møre Trikotasjefabrikk A/S i sør til trigometrisk punkt på Sesslaberget, ca. 2,1 km frå elveosen i nord.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LP/LQ frå 482 991 til 484 009.

-Bondalselva:

I eit sjøområde utanfor Bondalselva, innanfor ei rett linje trekt frå Hustadneset i søraust til Sæboneset i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LP/PQ frå 699 999 til 697 012.

-Bjørkeelva (Vikelva) og Tusseelva:

I eit sjøområde utanfor Bjørkeelva og Tusseelva, innanfor ei rett linje merka ved nordlegaste høgspentlinje over fjorden mellom Finnes i vest til Bjørke i aust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LP frå 718 892 til 727 892.

-Norangdalselva (Storelva):

I eit sjøområde utanfor Norangdalselva, innanfor ei rett linje trekt frå Helganeset på sørsida av fjorden til ein høgspentmast med fire stolpar sør for Skogsteinen på Åreneset på nordsida av fjorden.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LP frå 774 983 til 778 987.

Ålesund kommune

-Spjelkavikelva:

I eit sjøområde utanfor Spjelkavikelva, innanfor ei rett linje trekt frå Digernes i søraust til nes ved Furumyr, 700 m frå utløpet av Spjelkavikelva i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LP frå 630 276 til 626 285.

Ørskog kommune

-Ørskogelva:

I eit sjøområde utanfor Ørskogelva, innanfor ei rett linje trekt frå Veaberget i søraust, over vestenden av Storskjeret til vestenden av fabrikken til Stavseng & co. i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 868 288 til 867 299.

-Vagsvikelva:

I eit sjøområde utanfor Vagsvikelva, innanfor ei rett linje trekt frå Visetneset i søraust til Kleivaneset i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 910 262 til 908 266.

Norddal kommune

-Eidsdalselva og Norddalselva:

I eit sjøområde utanfor Eidsdalselva og Norddalselva, innanfor ei rett linje trekt frå Svora (750 m frå Eidsdal fergekai) i vest til Oterhola (1 km fra utløpet av Norddalselva) i aust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 046 056 til 086 049.

-Tafjordelva:

I eit sjøområde utanfor Tafjordelva, innanfor ei rett linje trekt frå Seineset i sørvest til tunnellinnslag vest for Muldalselva i nordaust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 171 033 til 184 036.

-Valldalselva (Valldøla):

I eit sjøområde utanfor Valldalselva (Valldøla), innanfor ei rett linje trekt frå Meneset i vest til Honeset i aust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 088 084 til 109 079.

Stranda kommune

-Strandaelva:

I eit sjøområde utanfor Strandaelva, innanfor ei rett linje trekt frå Oshammaren i søraust til Stabburet fabrikk i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 940 103 til 937 109.

-Langedalselva og Korsbrekkeelva:

I eit sjøområde utanfor Langedalselva og Korsbrekkeelva, innanfor ei rett linje trekt frå Åsneset i søraust til punkt ved sjøen (500 m utanfor veikryss) i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LP frå 894 859 til 890 864.

Stordal kommune

-Stordalselva:

I eit sjøområde utanfor Stordalselva, innanfor ei rett linje trekt frå utløpet av Stølegrova i sør til nes ved Hovstranda (nedanfor Nesplassen) i nord.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 949 178 til 951 188.

-Dyrkornelva:

I eit sjøområde utanfor Dyrkorn, innanfor ei rett linje trekt frå Fåmen i søraust til Smineset i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 939 225 til 938 233.

Sykkylven kommune

-Aureelva, Vikelva og Velledalselva (Fetvassdraget)

I eit sjøområde utanfor Ikorneselva, Aureelva, Vikelva og Velledalselva (Fetvassdraget), innanfor ei rett linje trekt frå Ikornes til Aursnes.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM frå nord 6920442 til øst 373112 og frå nord 6922063 til øst 373138.

-Ramstadelva:

I eit sjøområde utanfor Ramstadelva, innanfor ei rett linje trekt frå nordlegaste punktet på Håneset i vest til Hesthammaren i aust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 848 247 til 867 249.

Skodje kommune

-Solnørelva:

I eit sjøområde utanfor Solnørelva, innanfor ei rett linje trekt frå Ryttingsnes i søraust til industrikai ved Håheim i nordvest (sørvestlig hjørne av kai).

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 815 300 til 813 305.

-Ved Skodje:

I eit sjøområde utanfor Solnørelva, innanfor ei rett linje trekt frå Smeltevikneset i sørvest til Skodje kai i nordaust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 810 314 til 814 323.

Haram kommune

-Reiteelva:

I eit sjøområde utanfor Syvikelva, innanfor ei rett linje trekt frå Svinvika i søraust, til punkt i nordvest 850 m frå utløp av Reiteelva.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 603 374 til 603 380.

-Hildreelva:

I eit sjøområde utanfor Hildreelva, innanfor ei rett linje trekt frå eit naust tilhørande Einar Hildre, ca. 285 m nordvest for munningen av Hildreelva til stake i sjøen på Skanseflua, ca. 400 m nordaust for munningen av Hildreelva, og ei rett linje frå foran nevnte stake på Skanseflua og til naust tilhørande Ernst Hansen, ca. 620 meter sydaust for munningen av Hildreelva.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: Frå LQ 637 453 til 643 454 til 645 449.

-Vatneelva:

I eit sjøområde utanfor Vatneelva, innanfor ei rett linje trekt frå utløp av bekk nedanfor Boltura og Storfonna i vest til Angelsneset i aust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 768 399 til 774 400.

-Sunnalandsdalselva (Brattvåg):

I eit sjøområde utanfor Sunnalandsdalselva, innanfor ei rett linje trekt frå Kjeholmen i sør til fyrlykt på Boltholmen i nord, til Harhaugneset i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 691 448 til 692 450 til 688 454.

-Tennfjordelva:

I eit sjøområde utanfor Tennfjordelva, innanfor ei rett linje trekt frå nes mellom Lønesbukta og Bergsenden i sørvest, 1 km fra utløpet av Tennfjordelva, til ytste punktet på Nordnes i nordaust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 749 356 til 752 365.

Vestnes kommune

-Tomrefjordelva:

I eit sjøområde utanfor Tomrefjordelva, innanfor ei rett linje trekt frå Langneset i vest til utløpet av Løvollselva i aust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 932 416 til 939 417.

-Viåa:

I eit sjøområde utanfor Viåa, innanfor ei rett linje trekt frå ytste spissen av Selsneset i søraust til utløpet av Neråsgrova i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 935 442 til 929 471.

-Tressa:

I eit sjøområde utanfor Tressa, innanfor ei rett linje trekt frå Løvikneset i sørvest til Hoemsneset i nordaust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 040 361 til 047 365.

Rauma kommune

-Innfjordelva:

I eit sjøområde utanfor Innfjordelva, innanfor ei rett linje trekt frå Stokkeneset i vest til Bakken (nedanfor Grisetbakken) i aust.

-Måna

I eit sjøområde utanfor Måna, innanfor ei rett linje frå Sæbøneset i vest til Oterholmneset i aust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM frå nord 6936258 til øst 419576 og frå nord 6935900 til øst 421623.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 249 317 til 263 316.

-Rauma:

I eit sjøområde utanfor Rauma, innanfor ei rett linje trekt frå Stamnesodden i søraust til Hegerholneshammaren ved Rønning i nordvest, og frå en rett linje frå tunnellinnslag i søraust, til Bjørgeneset i nordvest.

Kartreferanse: M 111/32 V. UTM: MQ frå 326 385 til 311389 og MQ frå 302 360 til 283 379.

-Henselva (Isa/Glutra):

I eit sjøområde utanfor Henselva, innanfor ei rett linje trekt frå kai ved tankanlegg søraust til Rabben, ytre Breivik i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 363 383 til 348 402.

-Mittetelva:

I eit sjøområde utanfor Mittetelva, innanfor ei rett linje trekt frå punkt nedanfor Strandsteigen 400 m fra utløpet av Ljøsåa i sørvest til Sjølaupet (nedanfor skarp sving på veien) i nordaust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 320 528 til 340 539.

Nesset kommune

-Visa

I eit sjøområde utanfor Visa, innanfor ei rett linje frå Lianeset i vest til Neset i aust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM frå nord 6956147 til øst 444390 og frå nord 6956811 til øst 445357

-Eidsvågelva:

I eit sjøområde utanfor Eidsvågelva, innanfor ei rett linje trekt frå Tjærabrenneriet i Breivika i sør til Ålberget i nord. Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 510 596 til 510 608.

-Eira:

I eit sjøområde utanfor Eira, innanfor ei rett linje trekt frå utløpet til Lille Hundneset i vest til Strandaelva i aust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 551 523 til 563 526.

Molde kommune

-Oselva, Sotåa og Olterelva (Istadelva):

I eit sjøområde utanfor Oselva, Sotåa og Olterelva, innanfor ei rett linje trekt frå nes ved Ullaland (200 m frå Langneset) i sør, over Holmen, spissen av Nesa til Haugneset til vestspissen av Kleivneset i nord.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 315 617 til 314 621 til 315 625 til 314 632.

Midsund kommune

-Kyrkjeelva:

I eit sjøområde utanfor Kyrkjeelva, innanfor ei rett linje trekt frå Krabbevikneset i sør til Hamnaneset i nord.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 814 542 til 816 554.

Fræna kommune

-Vasselva (Aureosen):

I eit sjøområde utanfor Vasselva, innanfor ei rett linje trekt frå Sandgrova i søraust til Aurekleiva i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 039 666 til 033 670.

-Malmeelva:

I eit sjøområde utanfor Malmeelva, innanfor ei rett linje trekt frå Øyrneset i sør til eit lite nes rett nord for Øyrneset (1200 m vest for utløpet av Hansøygardsvorpa).

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 092 656 til 093 663.

-Moaelva og Sylteelva:

I eit sjøområde utanfor Moaelva, innanfor ei rett linje trekt frå nes ved Syltevorpa i søraust til Nygardsneset i nord.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 079 676 til 077 687.

-Dalaelva:

I eit sjøområde utanfor Dalaelva, innanfor ei rett linje trekt frå nothus vest for Vorpeneset i sør til småbåthavn mellom Røyavollen og Naustvollen i nord.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 065 699 til 064 705.

-Torneselva:

I eit sjøområde utanfor Torneselva, innanfor ei rett linje trekt frå Nilsneset i søraust til Tornes i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ/LQ frå 001 692 til 996 695.

-Stavikelva:

I eit sjøområde utanfor Stavikelva, innanfor ei rett linje trekt frå Storvilmeset i søraust til Tjeldnesberga i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 979 728 til 972 734.

-Gulelva:

I eit sjøområde utanfor Gulelva, innanfor ei rett linje trekt frå Seterneset i søraust til ytterst på Buahaugen i nordvest (punktet er rett innanfor Purkflea).

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ frå 962 760 til 960 762.

-Rugelva:

I eit sjøområde utanfor Rugelva, innanfor ei rett linje trekt frå eit punkt 250 m nordaust for Haugbakkholtet i sørvest og rett nordaust til Haugneset. (Linja tangerer Nordre Hauholmen i aust).

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: LQ/MQ frå 999 825 til 002 834.

-Hustadelva:

I eit sjøområde utanfor Hustadelva, innanfor ei rett linje trekt frå Malehammeren i sørvest til Flønestangen i nordaust. Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 023 839 til 030 841.

-Farstadelva:

I eit sjøområde utanfor Farstadelva, innanfor ei rett linje trekt frå Lakseberga, aust for Kanvika, i sør til nes nedanfor Breiviknausta, vest for Breivikbukta, i nord.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 061854 til 063 863.

-Sandblåstelva:

I eit sjøområde utanfor Sandblåstelva, innanfor ei rett linje trekt frå Nerstølneset i sør til kai på Vevang i nord.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 143 871 til 143 876.

Eide kommune

-Sandblåstelva:

I eit sjøområde utanfor Sandblåstelva, innanfor ei rett linje trekt frå Nerstølneset i sør til kai på Vevang i nord.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 143 871 til 143 876.

-Vågsbøelva:

I eit sjøområde utanfor Vågsbøelva, innanfor ei rett linje trekt frå Lianeset i søraust til Eide kai i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 230 763 til 216 773.

Averøy kommune

-Baelva og Bådalselva:

I eit sjøområde utanfor Baelva og Bådalselva, innanfor ei rett linje trekt frå det nordlegaste punktet på Omfarøya i søraust til Skallnes i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 284 888 til 279 891.

Gjemnes kommune

-Batnfjordselva:

I eit sjøområde utanfor Batnfjordselva, innanfor ei rett linje trekt frå Tørriset i søraust til utløpet av Raudelva i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 345 762 til 339 767.

-Torvikelva:

I eit sjøområde utanfor Torvikelva, innanfor ei rett linje trekt frå Torvikneset i vest til eit lite nes 400 m nordvest for Hamnneset, i aust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 417 807 til 426 808.

-Angvikelva:

I eit sjøområde utanfor Angvikelva, innanfor ei rett linje trekt frå Knivskjerneset i søraust til nes 500 m nord for utløpet av Angvikelva, i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 549 737 til 540 743.

Tingvoll kommune

-Elver til Nervågen, Kanestraum:

I eit sjøområde utanfor elver til Nervågen, innanfor ei rett linje trekt frå Jensneset i søraust til nes 300 m nordaust for utløpet av Nervågen, i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 561 912 til 559 916.

-Vågelva:

I eit sjøområde utanfor Vågelva, innanfor ei rett linje trekt frå Svinneset i søraust til nes 150 m frå Galten og mellom Galten og Nordåsbukta, i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 635 842 til 624 849

-Storelva (Nieisingset):

I eit sjøområde utanfor Storelva, innanfor ei rett linje trekt frå Lundaneset i søraust til Strand i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 666 724 til 655 728

Sunndal kommune

-Usma (Øksendalselva):

I eit sjøområde utanfor Usma, innanfor ei rett linje trekt frå eit punkt på Grytneset, 150 m sør for utløpet av Grytbekken, i sørvest til Bøneset i nordaust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 702 557 til 712 560

-Litledalselva og Driva:

I eit sjøområde utanfor Litledalselva og Driva, innanfor ei linje trekt frå utløpet av Innvikbekken i sørvest til utløpet av Sandvikelva i nordaust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 748 524 til 775 532

Surnadal kommune

-Todalselva:

I eit sjøområde utanfor Todalselva, innanfor ei rett linje trekt frå yttarste spissen på Hyllneset i sørvest, forbi vestre side av Ansnesholmen og til utløpet av bekken frå Drivvatn i nordaust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 834 665 til 835 666 til 843 672

-Søya:

I eit sjøområde utanfor Søya, innanfor ei rett linje trekt frå Mulneset, nedanfor Mulneshammaren, i søraust til eit punkt på Kvennaneset, 350 m frå ferjekai, i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 765 729 til 760 734

-Surna:

I eit sjøområde utanfor Surna, innanfor ei rett linje trekt frå Karlvikbukta i sør til Glerem kalksteingruve i nord.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 798 819 til 800 848

-Bævra:

I eit sjøområde utanfor Bævra, innanfor ei rett linje trekt frå utløpet av Hamnesbekken i søraust til Bratthammerbukta i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 772 867 til 767 873

Aure kommune

-Todalselva:

I eit sjøområde utanfor Todalselva, innanfor ei rett linje trekt frå Spjøtneset ved Spjøtnesbekken i vest til Geitatåa i aust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MR frå 831 073 til 844 073

-Gjelelva:

I eit sjøområde utanfor Gjelelva, innanfor ei rett linje trekt frå nes på Gjela i sørvest til Gjelaneset i nordaust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MR frå 872 232 til 883 239

-Svartvasselva og Åsgårdelva (Årvågfjorden):

I eit sjøområde utanfor Svartvasselva og Åsgårdelva, innanfor ei rett linje trekt frå nes aust for Nerbakken i sørvest til nes ved Haugen i nordaust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MR frå 913 242 til 917 249

Halsa kommune

-Sandåa, Dalaelva og Storelva:

I eit sjøområde utanfor Sandåa, Dalaelva og Storelva, innanfor ei rett linje trekt frå nes, 400 m nord for utløpet av Langetibekken, nedanfor Sandneshaugen i vest til Kalvikhammaren i aust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MQ frå 800 977 til 812 977

Smøla kommune

-Hinnåa:

I eit sjøområde utanfor Hinnåa, innanfor ei rett linje trekt frå austlegaste punktet på Jøstøløya i sørvest til eit punkt på land ved Nausthaugberga. Linja skal tangere søraustlegaste punktet på Sørøya.

Kartreferanse: M 711/32 V. lTTM: MR frå 472 253 til 475 255 til 477 256

-Fuglvågvassdraget:

I eit sjøområde utanfor Fuglvågvassdraget, innanfor ei rett linje trekt over sundet mellom Klakkvågen og Fuglvågen.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MR frå 458 278 til 457 279

-Kvernavassdraget:

I eit sjøområde utanfor Kvernavassdraget, innanfor ei rett linje trekt frå austlegaste neset på Storholmen i vest og i austleg retning over vågen på den smalaste staden.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MR frå 452 340 til 454 341

-Hopenvassdraget:

I eit sjøområde utanfor Hopenvassdraget, innanfor ei rett linje trekt frå nordaustlegaste punkt på Hopen i vest til Hopen fyr på nordspissen av Hopaøya i aust, og mellom Hopen fyr og søraust til nordlegaste punkt på nes i land.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MR frå 513 381 til 518 380 til 521 376

-Aurebekken (Indre Roksvåg):

I eit sjøområde utanfor Aurebekken, innanfor ei rett linje trekt fiå nordvestlegaste punkt på nes på austsida av vågen i søraust til austlegaste punkt på nes austafor Kalddalshaugen i nordvest.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MR frå 585 306 til 584 308

-Hjellbergvågen:

I eit sjøområde utanfor Hjellbergelva, innanfor ei rett linje trekt frå sydlegaste punkt på halvøya sør for Hjellberget i vest til sørvestligaste punkt på nes nord for Åbrotholmen i aust.

Kartreferanse: M 711/32 V. UTM: MR frå 415 275 til 416 275

0Endra med forskrifter 20 april 1999 nr. 459, 20 juni 2008 nr. 1677, 30 jan 2009 nr. 1080, 8 mai 2017 nr. 554.

§ 2.

Grensene for dei freda områda vert merka med skilt.

§ 3.

Brot på denne forskrifta er straffbart, jf lov av 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk § 49.

§ 4.

Forskriften tek til å gjelde 1. september 1994. Samstundes vert forskrift av 2. mai 1991 nr. 305 om fiske etter anadrom laksefisk i sjøen ved elveutløp, Møre og Romsdal, oppheva.