Utsleppsløyve til Ose Water AS

Fylkesmannen i Agder har gitt Ose Water AS løyve etter forureiningslova til utslepp av prosessavløpsvatn og kjølevatn. 

Publisert 31.05.2019

Ose Water AS ønskjer å starte vatnproduksjon på gnr/bnr 14/34 på Austad i Bygland kommune. Årleg produksjonskapasitet er om lag 12 000 m3 kjelde- og mineralvatn på flaske. Det vil sleppast ut om lag 3 m3 reinsa prosessavløpsvatn og om lag 43 m3 kjølevatn per døger.  

Løyvet etter forureiningslova er gitt med avgrensingar/vilkår. Fylkesmannen har stilt krav om kontroll av utslepp til vatn og støy frå fabrikken. 

Vedtak med løyve finn du ved å følgje lenkja til høgre på denne sida.

Kontaktpersoner