Slåttedag og 15-årsjubileum for UKL

Frå slåttedagen i 2022. Foto: Karin Bøe.

Feiring av Utvald kulturlandskap Rygnestad og Flateland i Valle 20. juli kl. 11.00–16.00.

Publisert 15.07.2024

Kvart år inviterer Setesdalsmuseet bygdefolk og andre til Slåttedagen på Rygnestadtunet i Valle kommune. Då kan ein oppleve slått i eit autentisk miljø – slått av ei tradisjonell slåtteeng. Her er det slått med ljå og anna egna reiskap og hesjing på gamalt vis, og ein kan sjå sliping/bryning av ljåen. Dei som vil kan vere med å slå gras.

I år er det 15 år sidan Utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL) blei skipa i Noreg. Rygnestad og Flateland vart Aust-Agder sitt UKL-område allereie då. Det er no 51 UKL-område i landet. Dette er område som har store biologiske og kulturhistoriske verdiar, som er forma av langvarig tradisjonell bruk. Ved UKL-satsinga ynsker ein å sikre ei langsiktig forvaltning av desse verdifulle områda. Det skjer ved at folk som bur her tek vare på naturmangfald, kulturhistorie og jordbruksdrift. Rygnestad og Flateland har mykje å by på, mellom anna slåttemarker der solblomen veks og tradisjonelle bygningstypar og tun.

Valle kommune inviterer –  i samarbeid med Statsforvaltaren i Agder – til 15-årsjubileet.

Praktisk informasjon

  • Alle er velkomne – både store og små.
  • Det er ikkje påmelding til arrangementet – det er berre å kome.
  • Arrangementet er utandørs og ein må difor kle seg etter veret.
  • Ta gjerne med noko å sitje på.
  • Arrangementet er gratis.
  • Parkering på skilta område.

Program

Kl. 11.00: Opning v/kommunen. Ljåslått med langorv og stuttorv. Sliping/bryning.

Kl. 12.00: Slåttegraut.

Kl. 12.30: Litt om Utvald kulturlandskap i jordbruket, v/Lisbeth Kismul med fleire.

Kl. 12.30: For barn/barnefamiliar: Open gard med høve til hesteriding for borna hos Hege Rygnestad.

Kl. 13.00: Vandring i UKL-området v/Åse Ingebjørg Flateland. Det blir stopp ved spesielle bygningar og der det er spanande biologiske kvalitetar – der blir det fortalt litt om lokaliteten. Rundturen startar og stoppar ved Rygnestadtunet.

Ca. kl. 14.30: For dei som framleis har friske bein – vandring til grendehuset på Flateland via ulike lokalitetar. Det blir høve til å besøke Uppistog Gard som driv med geiter og lagar produkt av geitemjølk. Dei driv òg med  grønsaksproduksjon og mykje anna. Gardsutsal. Ved endestasjonen på Flateland vert det servert Setesdalssuppe.

Ca. kl. 16.00: Avslutning.

Det kan kome endringar i programmet.

Kontaktperson:

Knut Gunnar Brokke Solli
Valle kommune
tlf. 91 80 23 95