Kulturlandskapsprisen for Aust-Agder
Prisen for 2018 gjekk til ei heil grend, Øvre Ramse i Tovdal i Åmli kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Prisvinnarane kjem frå tre av bruka i grenda og er: Eivind Ramse, Ola Gunvald Ramse og Eirin Rauø, Børuf og Terje Ramse.
Øvre Ramse er unikt med flotte lauvingslier med mange lauvtresortar, men særleg alm og eik. Områda har stått urørt i over 50 år, men no har grunneigarane tatt fatt og restaurert lauvengene med omfattande kylling av trea og gjenopptak av beiting av bunnvegetasjonen.
Lauvingsliene ligg midt i eit kulturlandskap omgitt av gardstun og jorder i god drift. Landskapet inneheld også kulturminner som steingjerder og rydningsrøyser som vert halde ved like.
Kulturlandskapsgruppa er jury og deler ut prisen etter forslag frå kommunane og faglaga i landbruket.
Lenke til grunngjevinga frå Kulturlandskapsgruppa.
Kulturlandskapsgruppa i fylket er sett saman av representantar for bondelaget, bonde- og småbrukarlaget, kommunane, fylkeskommunen (kulturminnevern) og Fylkesmannen (landbruk og miljøvern).