Miljø og klima

Oppdatert 15.11.2024

Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.

Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Statsforvaltaren skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss. 

Vis meir


20.12.2024

Nytt skogvern sikrar verdifull skog på Nordmøre og Sunnmøre

Regjeringa verna i dag tre område i Møre og Romsdal som naturreservat. Vernet er viktig for å ivareta artar, naturtypar, intakt natur og karbonlagring for framtidige generasjonar.


17.12.2024

Søk om millionar til grøne prosjekt i din kommune no!

Kommunar over heile landet har no ein gyllen moglegheit til å få finansiering for viktige klima- og naturtiltak. Miljødirektoratet har lansert fleire tilskotsordningar som kan hjelpe kommunane med å redusere klimagassutslepp, bevare naturmangfaldet og tilpasse seg klimaendringar.


16.12.2024

Tilskot til tiltak for å ivareta natur – ny ordning og fleire moglegheiter!

Frå 2025 får vi ei ny tilskotsordning som heiter tilskot til tiltak for å ivareta natur. Dette inneber nye moglegheiter for å søkje om tilskot til å fjerne framande artar.

Tilskotsordninga skal bidra til bevaring av trua artar og naturtypar, utvalde naturtypar, ville pollinerande insekt, verdifulle kulturlandskap og hindre negativ påverking frå framande artar.


10.12.2024

Tilrår ikkje vidare prosess i Trollheimen og Innerdalen landskapsvernområde

Statsforvaltarane i Trøndelag og Møre og Romsdal tilrår at det ikkje blir starta opp nokon prosess med å greie ut endra verneform i delar av Trollheimen og Innerdalen landskapsvernområder.


10.12.2024

Klimasnuprisen til innovativ samkøyring

– Nimmo gjer at vi kan dele transport og bilar, redusere klimagassutslepp og inkludere alle sosiale lag. Derfor får Nimmo årets Klimasnupris, seier statsforvaltar Else-May Botten.


10.12.2024

Søknad om løyve etter forurensningslova til biogassanlegg i Hustadvika kommune

Havila Biogass Hustadvika AS søkjer om løyve etter forureiningslova til biogassanlegg ved Varhol industriområde.


03.12.2024

Søknad om endring av løyve til biogassanlegg i Hustadvika kommune - Martin Toreli

Martin Toreli søkjer om endring av løyve etter forureiningslova til biogassanlegg i Hustadvika kommune.


27.11.2024

Høyring av skogvern i Aure

Statsforvaltaren sender framlegg om vern av to verdfulle skogområde i Aure på høyring. Områda er tilbydd av grunneigarane etter ordninga med frivillig vern. Frist for innspel til framlegget er 27. januar 2025.


18.11.2024

Søknad om tiltak i sjø ved Indre Harøya i Hustadvika kommune

Salmon Evolution Norway AS søkjer om løyve etter forureiningslova til mudring, sprenging og etablering av mellombels fylling i sjø ved gnr. 3 bnr. 8.


06.11.2024

Høyring av vern av skog i Fjord kommune

Nesplassen naturreservat nordvest for Stordal sentrum blei verna i 2003. No er forslag om utvida grense og fornya forskrift på høyring. Frist for å kome med merknader til forslaget er 3. januar 2025.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel