Møte for fylkesberedskapsrådet i Øystese

Mange personar oppstilt med fjord og fjell i bakgrunnen.
Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Fjellskred, radikalisering og arbeidet med totalforsvaret i Vestland var sentrale tema då fylkesberedskapsrådet var samla i vårlege omgjevnadar i Øystese 16. og 17. april.

Publisert 30.04.2024

Fylkesberedskapsrådet samlast minst éin gong i året, for å drøfte felles beredskapsutfordringar og korleis vi saman kan arbeide for å gjere Vestland til eit trygt fylke og bu og vere i. Spennet av deltakarar i rådet illustrerer godt breidda i arbeidet med samfunns- og statstryggleik og beredskap. Det er viktig å vite om kvarandre, og fylkesberedskapsrådet er ein god arena for å verte kjende. Rapporten frå totalberedskapskommisjonen peikte på fylkesberedskapsrådet si rolle som ein viktig arena for beredskap og krisehandtering på regionalt nivå.

Dame som  står å snakkar til menneskjer som sit rundt bord i lokalet.
Janicke Larsen orienterte rådet om konklusjonane i rapporten Fremtidiens brann- og redningsvesen, og arbeidet med regionalt samarbeid i Vestland. Foto: Mari Severinsen / Statsforvaltaren i Vestland.

Første dag fekk vi høyre om beredskapsarbeid og utfordringar i Kvam herad, oppfølging av evalueringa etter uvêrshendingar i vinter, fjellskredberedskap, regionalt samarbeid innan brann og redning, og kraftrasjonering. På slutten dagen fortalde Pål Tore Haga, som er radikaliseringskontakt i Vest politidistrikt, om funn og tilrådingar i rapporten frå ekstremismekommisjonen. Haga var sjølv medlem av kommisjonen. Han trakk fram viktigheita av førebygging og heilskapleg innsats og arbeid, og understreka at dette er ei oppgåve for heile samfunnet. I rapporten vert det tilrådd strukturelle og organisatoriske tiltak for å betre vilkåra for det førebyggande arbeidet. Det inkluderer mellom anna ei tilråding om eit regionalt samordningsforum, leia av Statsforvaltaren i samarbeid med RVTS. Kommisjonen meinte òg at kommunane si rolle i det førebyggande arbeidet bør fastsetjast i lov.

NOU 2024:3 Felles innsats mot ekstremisme: Bedre vilkår for det forebyggende arbeidet kan ein lese her.

Dag to var i stor grad prega av den tryggleikspolitiske situasjonen. Cecilie Hellestveit hadde eit innlegg om korleis konfliktar andre stadar i verda påverkar vår tryggleik og behov for beredskap. Eit hovudbodskap frå Hellestveit var at vi må forstå vår rolle i eit endra verdsbilde, og at vi må vere budde på at ein eventuelt ny krig truleg ikkje vil gå føre som ein tradisjonell landkrig. Rådet diskuterte arbeidet med totalforsvaret i fylket, og felles problemstillingar knytt til det. Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand presenterte Statsforvaltaren sine prioriteringar risikoreduserande tiltak og beredskapstiltak for 2024, med utgangspunkt i oppfølgingsplanen til FylkesROS.

Det avsluttande innlegget på samlinga var frå Johnny Breivik, kommunedirektør i Øygarden kommune. Han orienterte om arbeidet knytt til etablering av grøn industri i kommunen og dei tryggleiksutfordringane som må takast omsyn til i dette arbeidet. I Øygarden er det fleire store industriverksemder (m.a. Kollsnes og Sture-terminalen) frå før, og det er stor aktivitet knytt til utviding av næringsparken (energiparken) i same område. Samansetjinga av ulike næringsaktørar og etablering/utviding av grøne verksemder, gir kommunen komplekse beredskapsutfordringar som dei er avhengig av god støtte frå andre aktørar for å løyse på ein god måte.

Mann står framfor og snakker til menneskjer som sit rundt bord.
Johhny Breivik, kommunedirektør i Øygarden kommune, orienterte om etablering av grøn industri i kommunen og dei tryggleiksutfordringane som ein må ta omsyn til i dette arbeidet Foto: Oliva Bakketun / Statsforvaltaren i Vestland.

Fleire av temaa som vart diskutert i møtet er viktig å løfte til fleire arenaer, mellom anna fagsamlinga for kommunane 5.- 6. november. Det gjeld arbeidet med radikalisering og ekstremisme, totalforsvaret og etablering av grøn industri.

Referat frå møtet kan lesast her

Samarbeidsavtale med politidistrikta i Vestland

Under samlinga vart reviderte samarbeidsavtalar mellom Statsforvaltaren og dei to politidistrikta signert. Avtalane regulerer samarbeid og samvirke mellom politidistrikta og Statsforvaltaren ved uønskte hendingar og kriser, som på grunn av omfang eller karakter set større krav til handteringa enn det som følgjer av daglege rutinar og system. Begge partar vil legge til rette for eit godt samvirke seg i mellom ved uønskte hendingar, og med andre aktørar. 

To kvinnar og to menn står oppstilt å ser på fotografen med nokre papir i henda.
Håkon Lomsdal Strand (stabssjef i Sør-Vest politidistrikt), Liv Signe Navarsete (statsforvaltar), Ane Kvaal (visepolitimeister i Vest politidistrikt) og Gustav Magne Landro (stabssjef i Vest politidistrikt) med dei signerte samarbeidsavtalane. Foto: Mari Severinsen / Statsforvaltaren i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.