Rydd vekk pøbelplantar i vårhagen

busk langs elv
Raudhyll vart innført på 1700-talet og er no langt vanlegare utanfor enn innanfor hagegjerdet. Den har svært høg risiko for å spreie seg i naturen. Den trivst godt både i kyst og innlandsstrøk. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Våren er ei fin tid å rydde i hagen før vekstane vaknar til live. Har du plantar som risikerer å spreie seg, har du også ansvar for å halde dei innanfor gjerdet. Framande artar på vidvanke er ei stor utfordring for naturmangfaldet verda over, og vi treng di hjelp for å spreie kunnskap om desse. 

Publisert 02.05.2024

Import av prydplantar til hagar og parkar har lang tradisjon i landet vårt. Dei fleste prydplantane er ikkje tilpassa vårt klima og jordsmonn, og spreier seg sjeldan utanfor hagegjerdet. Andre gonger vert framande artar invaderande, spreier seg ut i naturen og kan i verste fall utkonkurrere artar som finst her naturleg. Dette gjeld ikkje berre plantar, men også andre organismar som følgjer med som blindpassasjerar ved planteimport. Brunsneglen er ein av desse som har skapt stor frustrasjon blant hageeigarar. 

Etablering og spreiing av framande artar går ikkje berre ut over plantar og naturtypar som høyrer naturleg heime hos oss, men påverkar også insekt og andre dyr som er avhengige av det lokale plantelivet. Ved å auke kunnskapen til hagefolk, entreprenører, kommunane og deg og meg, kan vi sakke farten i spreiinga av framande artar.

lupiner veks ut i elva langs ein sti langs ein veg i vårstemning
Når lupinane først har slått seg ned i eit område er det vanskeleg å bli kvitt dei att. Her har lupinfrø komme med elva og slått rot. Slik kan nye frø spreie seg vidare nedover vassdraget. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Varmare klima med mildare vintrar aukar talet på framande artar som overlever vinteren hos oss og klarar å etablere seg. Klimaendring kan difor føre til at artar som enno ikkje har skapt vanskar her i Vestland, spreier seg i fylket og etter kvart utkonkurrerer plantar som lever her naturleg.

Ein liten del av norsk natur er verna. Dette er særleg verdifulle areal der ein absolutt ikkje ønskjer spreiing av framande artar. Til no er det framande bartre innført av skogbruket som har vore det største problemet, men nokre hage- og parkplantar, som t.d. platanlønn, har også spreidd seg til verna område.

Anleggsarbeid har vore ein effektiv, men utilsikta spreiingsmåte for mange såkalla "pøbelplantar". Når jordmassar vert flytta frå ein stad til ein annan, kan framande og skadelege artar spreiast til nye område. Ofte er det nok med berre nokre frø eller stengelbitar, og derfor har også kantslått av vegar ført til spreiing.

Både hageeigarar, planteutsal og entreprenørar kan gjere ein viktig innsats for å forhindre at framande og skadelege artar spreier seg til nye stader! 

Ver ein ambassadør for godt hagevett

Hageeigarar og andre kan vere med å hindre vidare spreiing av hageplantar til naturen ved å:

  • Slutte å plante ut risikoartar.
  • Fjerne slike artar frå eigen hage, eller i det minste hindre spreiing ved å luke eller hindre frøsetting.
  • Slutte å bruke naturen som dumpeplass for hageavfall. Sei frå når du ser at andre gjer det!
  • Vere med på å kartlegge problemartar og registrer disse i artsobservasjoner. Er du usikker på kva den heiter? Last ned Artsorakel, ein app som kan fortelje deg kva art du tek bilete av. 

Det har vore lite utprøving for å sjå om nye, importerte artar spreier seg før dei kjem i vanleg sal. Plantane sin respons på klimaet varierer dessutan i ulike delar av landet, og kan endre seg over tid.

Naturmangfaldlova har reglar for innførsel og utsetjing av framande organismar. Sjølv om du har høve til å halde fram å ha framande artar i hagen, har du eit ansvar for at dei ikkje spreier seg utanfor hagen. Vidare krev lova at alle skal opptre med aktsemd for å unngå skade på naturmangfaldet.

busk med raude nyper
Rynkerose er ein populær hageplante, men som har veldig lett for å rømme utanfor gjerdet. Arten spreier seg langs vegar, på strender og langs innsjøer i innlandet. Rynkerose er kategorisert som SE (svært høg risiko) på framandartslista. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Plantar frå utlandet

Ein kan bli freista til å ta med seg heim ein spennande plante, frø eller stiklingar frå utlandet for å dyrke i sin eigen hage. Det er viktig at alle veit og tek på alvor at dette kan få alvorlege følgjer. Alt plantemateriale kan ha med seg uønskte følgjeorganismar, og i Noreg har vi strenge reglar for innførsel. Dei som har ønskje om å ta med plantemateriale må setje seg godt inn i importreglane på førehand. Informasjon om dette finn du ved å følgje denne lenkja: www.mattilsynet.no.

Vel rett plante på rett stad

Sjekk at planten du vel ikkje er på framandartslista. Det er særleg viktig å ta omsyn til val av plantar i eller nær verdifulle naturområde. Bruk gjerne lokale plantar rundt hytta!

Skjøtselstips

Plantar som formerer og spreier seg med frø kan haldast i sjakk ved å klippe av blomen i god tid før frøsetting. Plantar som spreier seg med rotskot og jordstenglar må gravast vekk med spade og bli lagt i ein tett pose for vidare handsaming.

Rett handtering av hageavfall

Hageavfall bør i utgangspunktet komposterast, anten i eigen hage eller i avfallsmottak. Men ver merksam på at enkelte plantedelar, som frø og frøkapslar av problemartar, bør sendast til forbrenning – det vil seie at dei må leggjast i restavfallsdunken, og ikkje i matavfallsdunken eller i hageavfallshaugen. Dette er for å vera heilt trygg på at frø og plantedelar vert destruerte.

Enkelte gjenvinningsanlegg tek i mot framande artar, som til dømes lupinar, til kompostering. Dei har så høg temperatur i anlegga sine at frøa blir omdanna og blir til kompost. Andre artar, som til dømes parkslirekne, er så risikable at dei alltid må i restavfallet.

Gule store buskal langs ein veg i eit bustadområde
Gyvel er ein vakker, gul busk som har spreidd seg i større delar av landet. Den er vurdert til å ha store negative konsekvensar. Den tilhøyrer erteblomstfamilien og har evne til å fiksere nitrogen, noko som bidreg til å endre jordsmonnet der den spreier seg. Lupiner har same evne, noko som fører til større fare for økosystemendringar. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Varmkompostering

Dette tar knekken på frø og spirer dersom komposteringa vert gjort rett. Sørg for god lufting og god varmgang for å sikre omdanning til rein og god kompost. Dersom det berre er mindre mengder høgrisikoavfall (til dømes blomsterstandar og frøkapslar), bør dette leggjast i restavfallsdunken.

Kast aldri hageavfall i naturen – og heller ikkje langs veg, friområde eller «skrotemark» der framande artar kan få rotfeste og spreie seg vidare.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.